
2014 og 2015 har alle elevane ved Bø ungdomsskule vore med på Ungdata-undersøkinga, ei landsomfattande kartlegging av ungdomar sine lokale oppvekst-situasjonar. I samband med dette er det utarbeidd ein større rapport, kopla til resultata frå Bø. Desse ynskjer me no å presentere.
I tillegg vil me saman med eit ungdomspanel, beståande av elevar frå ungdoms-skulen, samt ein FAU-representant, invitere til dialog rundt dei utfordringane Ungdataundersøkinga peikar på.
Fyrst og fremst ynskjer me at dette skal vere ein arena der ungdomane sjølv kjem i tale, og då treng dei nokon å uttrykkje seg til. Politikarar og kommune-administrasjonen er difor spesielt invitert. Møtet er elles ope for alle som er engasjert i Bø som ein god oppvekstkommune.