Norge står over eit skifte i arbeidsmarknaden og det er særs viktig at ein stimulerer til nyskaping og spinn-off frå etablerte bedrifter.
Den høgkompetente arbeidskraften som no blir ledig må brukast i det grøne skiftet og til å skape nye bedrifter og arbeidsplassar der dei gamle forsvinn. Ein må også satse på utvikling av dei bedriftene som allereie er godt etablert i ‘det grøne sektoren’.
Venstre vil legge til rette for gründerskap og nyetableringar som ein eigen strategi for å møte ei aukande ledighet. Gjennom 25 ulike tiltak har Venstre som mål om at det skal vere netto 25000 fleire føretak i løpet av 4 år.
Små og mellomstore bedrifter er ryggraden i norsk næringsliv. Over 90 % av bedriftene i privat sektor har under 10 tilsette. Desse bedriftene er viktig i verdiskapinga i Norge og er med på å oppretthalde arbeidsplassar og busetting i heile landet. Difor er det avgjerande at rammevilkåra er gode for dei minste bedriftene og at aukande ledighet møtast med ein strategi for entreprenørskap, gründerskap, , innovasjon og ikkje minst det å legge til rette for at langt fleire starter eller investerer i nye næringa og nye føretak.
Den offentlege innsatsen må først og fremst rettast mot dei bedriftene som har framtida føre seg og dei arbeidsplassane som endå ikkje er skapt. Venstre vil gjere det enklare å starte og drive eigen bedrift. Venstre vil ha gode vilkår for alle bedrifter, og vi er spesielt opptatt av dei minste bedriftene, gründerar og sjølvstendig næringsdrivande.
Venstre foreslår 25 tiltak for å gjere dette muleg. Tiltaka handlar om å gjere det enklare (og billigare) å starte opp nye bedrifter, betre rettane for enkeltpersonsføretak, auke tilgangen på kapital, styrke det offentlege verkemiddelapparatet og satse på forsking og innovasjon.
Alle tiltaka finn du presentert på Venstre si webside, men vi vil spesielt nemne følgande:
- Fjerne arbeidsgjevaravgifta dei tre første åra for nystarta bedrifter med færre enn 5 tilsette.
- Innføre eit minstefrådrag på 100.000 kr for alle sjølvstendig næringsdrivande som eit alternativ til frådrag for faktiske kostnadar.
- Styrke sjølvstendig næringsdrivande sine sosiale rettigheiter knytt til eiga sjukdom og pensjon.
- Utvide (minimum doble) ordninga med landsdekkande etablerertilskot retta mot vekstbedrifter.
- Fjerne all innrapportering slik at all statistikk frå bedrifta kan leverast på ein stad.
- Fjerne arbeidsgjevaravgifta for lærlingar og auke tilskotet med ytterlegare 5.000 i 2016.
- Auke avskrivingssatsane
Flora Venstre vil satse vidare på Fram Flora som kommunen sitt næringsapparat og vil vere med på å vidare utvikle kommunen sin satsing på spinn-off frå etablerte bedrifter og støtte gründerar som vil satse. Flora Venstre vil at ein særs skal støtte initiativ innan den grøne økonomien og KIFT-bransjen.
Dei private bedriftene er den viktigaste berebjelken i vårt velferdssamfunn og ein må jobbe for meir vekst, fleire nyetableringar og eit variert næringsliv. Her må det politiske miljøet samle seg og gjere kommunen til ein næringsvennleg stad å etablere seg i.