I dag vert det arrangert «Give A Job»-messe i Ørsta. Messa er ei utvida jobbmesse for næringslivet, flyktningar og lag og organisasjonar på Søre Sunnmøre, der målet er å byggje relasjonar.
Møre og Romsdal Venstre tek del med stand på messa, og ser fram til ein spanande og innhaldsrik dag.
Vi vil fortelje om verdien av å engasjere seg, anten det er i nærmiljøet, kommunen eller i fylket, om å vere med i eit politisk parti – og om partiet Venstre.
Har du møtt oss på stand i dag og vil vite meir om Venstre?
Ta gjerne ein tur innom hovudsida til venstre.dev10.dekodes.no, for å lese meir om partiet.
Kontaktinformasjon
Pål Farstad
fylkespolitikar, Møre og Romsdal
farstad.pal@gmail.com
Annika Brandal
Varaordførar i Hareid, sekretær i fylkesstyret
annika.brandal@gmail.com
Brynhild Lund Notøy
nestleiar Volda Venstre
luno@enivest.net
Gunnar Knutsen
kommunepolitikar, Ørsta Venstre
6150orsta@gmail.com
Are Folkestad
leiar, Ørsta Venstre
are.folkestad@gmail.com