Denne veka kom nyheita om at GulenSkyss, eitt av dei siste norsk-eigde ferjerederia, blir kjøpt opp av eit London-basert investeringsfond. Samtidig har japanske Mitsubishi kjøpt opp Grieg Seafood sine anlegg i Finnmark. Dette er ikkje eingong unntaka lenger – det er blitt normalen.
Vi snakkar om livskraftige, lokalt forankra verksemder som blir selt ut av landet. Kvifor? Fordi dagens politikk straffar norske eigarar.
Formuesskatten på arbeidande kapital gjer det dyrt å vera eigar i Noreg – og særleg om du er lokal og langsiktig. Det betyr at utanlandske oppkjøparar, som slepp denne skatten, får eit konkurransefortrinn. Resultatet er at fleire og fleire norske eigarar må selje. Lokale arbeidsplassar og verdiar går tapt.
Og dette skjer ikkje berre langt unna. Det skjer – og vil skje – i Haram kommune også. Vi har fleire solide familie- og eigardrivne verksemder her, spesielt innan industri og maritim sektor. Desse står i fare for å bli neste salgsobjekt dersom utviklinga held fram. Det betyr at avgjersler blir flytta ut, overskot går til utlandet, og den lokale forankringa forsvinn.
Dette er ein direkte konsekvens av politikken som Ap, Sp, SV – og Rødt – står for. Dei meiner tydelegvis at det viktigaste er å «ta dei rike». Men det dei gjer, er å svekke dei som faktisk bygger landet – dei som investerer i lokalsamfunn, som skapar arbeidsplassar og framtidstrua i distrikta.
Vi treng ein politikk som heiar på norske eigarar – ikkje som jagar dei ut.
Første steg må vere å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Neste steg er å gi heider til dei som tar risiko, skaper arbeidsplassar og held hjula i gang – i staden for å mistenkeleggje dei.
Dette handlar ikkje om politikk for dei få. Det handlar om å bevare eigarskap, makt og verdiskaping i Noreg – i bygdene og byane våre, også her i Haram.
Dette er ei av Venstre sine viktigaste hjartesaker inn mot neste stortingsperiode. Ei stemme til Venstre er ei stemme for norsk og lokalt eigarskap – også i Haram kommune. Vi kjem til å stå opp for dei som skaper, investerer og held liv i lokalsamfunnet.
La oss ikkje sitje stille og sjå eigarskapet forvitre. Tida for å rydde opp er no.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre