Venstre vil tilbake til det viktigaste i skulen: at alle elevar lærer å lese, skrive og rekne skikkeleg. Difor vil vi prioritere basisferdigheiter, meir tid til oppfølging og fleire kvalifiserte lærarar. Kvar elev skal bli sett – og få hjelp i tide.
Skulen skal også vere ein trygg og motiverande stad å vere. Når éin av fem elevar gruar seg til skuledagen, har vi eit alvorleg problem. Venstre vil sikre meir tid til kontaktlærarar, styrke skolehelsetenesta og sette inn tidleg innsats mot mobbing og mistrivsel.
Vi vil gi lærarane betre rammer til å gjere det dei kan best: undervise. Difor vil vi satse på rekruttering, kompetanseheving og etter- og vidareutdanning. Målet vårt er at 50 000 lærarar skal få fagleg påfyll innan 2030. Kunnskap i skulen startar med kunnskap hos læraren.
Samtidig må vi gi elevane ein skulekvardag som gir meining. Praktiske og estetiske fag skal få større plass – både for læring og for trivsel. Skulen må gjere det lettare å velje yrkesfag, og vi må rydde vekk unødvendig teori i programfaga. Fleire må fullføre vidaregåande – ikkje fordi vi senkar krava, men fordi vi gir betre oppfølging.
Digitaliseringa har kome for å bli, men ho må brukast klokt. Venstre vil ha mobilfrie skular og betre styring av skjermbruk. Digitale hjelpemiddel skal vere eit verktøy – ikkje ein distraksjon.
Skulen er ein av dei viktigaste arenaene for sosial utjamning og fellesskap. Men då må vi tørre å prioritere kvalitet i undervisninga, tryggleik i kvardagen og rom for læring.
Vi veit kva som verkar. No må vi handle.
Christian Holstad Lilleng
Stortingskandidat Venstre