Tenk nytt om utanforskap

Foto: Andrew Neel/Unsplash

Altfor mange barn og unge i Noreg kjenner på utanfor­skap – enten det handlar om fattigdom, mobbing, psykiske utfordringar eller manglande inkludering. Venstre meiner det er nok prat. No treng vi handling. Vi vil kutte barnefattigdommen i tide, styrke den psykiske helsa, bekjempe mobbing og sikre ein trygg og inkluderande skule for alle.

Måla våre er klare: Vi vil halvere talet på barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Vi vil auke og omfordele barnetrygda, gi gratis barnehage til låginntektsfamiliar, sikre betre tilgang til psykolog og psykisk helsehjelp for barn og unge, og få på plass ein forpliktande nasjonal plan mot mobbing.

Samtidig veit vi at mange fell utanfor i vidaregåande skule – éin av fem fullfører ikkje. Det fører ofte til varig utanfor­skap og marginalisering. Difor vil vi sikre fleksible utdanningsvegar gjennom fullførings­reforma, og tilby meir tilpassa opplæring. Elevane må oppleve meistring og støtte, både fagleg og sosialt. Skulehelsetenesta må styrkast, og lærarane må få betre rammer for å følgje opp kvar enkelt elev.

Skulen er det viktigaste verktøyet vi har for å sikre like moglegheiter. Tiltaka som verkar, er kjende: Meir støtte tidleg i skuleløpet for å fange opp elevar før dei fell ut. Betre tilgang på psykisk helsehjelp som kan stanse negative spiralar. Økonomiske tiltak som gratis barnehage og auka barnetrygd for dei som treng det mest. Fleksible og relevante utdanningstilbod som gjer det mogleg å fullføre vidaregåande. Og ikkje minst: Ein skulekvardag som gir meistringsfølelse og motivasjon.

Utanfor­skap kostar samfunnet milliardar kvart år. Endå viktigare: Det kostar enkeltmenneske livskvalitet, sjølvkjensle og framtid. Når regjeringa seier at ingen barn og unge skal stå utanfor i 2035, er det eit viktig mål – men det krev handling no.

La oss tenkje nytt – og handle i tide. Vi veit kva som verkar. No treng vi vilje.

Christian Holstad Lilleng
Stortingskandidat Venstre