Som folkevald har eg stilt eit grunngitt spørsmål til kommunedirektøren, der eg ber om ei klårgjering av kva etiske retningslinjer som ligg til grunn for Haram kommune si kapitalforvaltning.
Bakgrunnen er ei aukande uro for at offentlege midlar kan vere investert i selskap eller fond som opererer i strid med grunnleggjande verdiar – til dømes når det gjeld menneskerettar, miljø, korrupsjon, våpenproduksjon eller støtte til autoritære regimer.
Vi veit at Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) den siste tida har fått kritikk for å ha investert i selskap knytt til grove brot på menneskerettane. Dette bør vere ei vekkar også for kommunar. Det er viktig å sikre at våre felles midlar ikkje medverkar til uetisk praksis – direkte eller indirekte.
Difor ønskjer eg å få svar på:
-
Har Haram kommune eit etisk rammeverk eller ein strategi som set grenser for kva vi kan investere i?
-
Vurderer vi investeringar opp mot internasjonale normer, til dømes FN sine prinsipp for ansvarleg forvaltning?
-
Har vi kontrollmekanismar som fanger opp etisk uakseptable plasseringar?
Eg har bedt om eit munnleg svar i forkant av neste formannskapsmøte, og om å få innsyn i eventuelle gjeldande retningslinjer eller reglement for finansforvaltninga.
Venstre meiner at ein ansvarleg økonomisk politikk også må vere etisk forankra. Haram kommune skal vere ein aktør vi kan stole på – også som investor.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre