Senterpartiet sviktar Haramsnaturen

Foto: Haram Venstre

Når Statsforvaltaren kjem med tydelege merknader til Haram kommune sin nye samfunnsdel, bør vi lytte. Dei har peika på noko heilt grunnleggjande: Tryggleik, beredskap, klimatilpassing – og vern av natur – må ikkje vere tilfeldige vedlegg i planverket, men stå som forpliktande og samlande mål i sjølve samfunnsdelen.

Eg vil takke Statsforvaltaren for å vere tydeleg og for å vere på naturens side. Dei minner oss om at planlegging ikkje berre handlar om å dele ut tomter og trekke strek på kart. Det handlar om å sikre livsgrunnlaget for framtidige generasjonar, verne matjorda vår, ta vare på strandsona, og unngå nedbygging av verdifull natur. Dei minner oss òg om at nasjonale og regionale føringar ikkje er pynt – dei er laga for å beskytte fellesskapets interesser.

Venstre meiner, i tråd med både internasjonale avtalar og norsk lov, at naturen har eigenverdi. Vi har forplikta oss til å verne og restaurere minst 30 % av norsk natur innan 2030. Det betyr at vi må sikre myr, strandsoner og samanhengande naturområde mot nedbygging – ikkje opne for meir. Vi må innføre arealnøytralitet, slik at om natur blir bygd ned ein stad, skal den erstattast med restaurert natur av tilsvarande verdi ein annan stad.

Her sviktar Senterpartiet grovt. Dei har gått frå å kalle seg naturvernarar til å bli naturfjernt. Dei undergrev nasjonale klima- og miljømål, fjernar viktige verktøy som Klimasats til kommunane, og signaliserer at meir natur kan byggast ned. I praksis prioriterer dei kortsiktig utbyggingspress og lokal populisme framfor å ta ansvar for klima og naturmangfald. Resultatet er at både tryggleik, matsikkerheit og økosystem blir svekka.

Haram kommune har no sjansen til å gjere det som Senterpartiet ikkje vil:

  • Legge inn forpliktande mål for tryggleik, beredskap og klimatilpassing i samfunnsdelen.
  • Ta vare på matjord, strandsoner og myr med tydelege, juridisk bindande retningslinjer.
  • Kople ROS-analysen direkte til arealstrategien, slik at fareområder aldri blir brukt til bygging.
  • Innføre arealnøytralitet som prinsipp i all ny utbygging.

Dette handlar ikkje om å vere “imot utvikling”. Det handlar om å sikre at utviklinga skjer på ein måte som gjer oss tryggare, ikkje sårbare – og som gir barna våre noko å arve.

Takk til Statsforvaltaren for å vere klar i talen. La oss håpe fleirtalet i kommunestyret også vel å lytte – i staden for å følgje Senterpartiet sin linje, der naturen igjen risikerer å tape.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre