Nye, dystre tal frå SSB viser at færre vågar å satse på draumen sin. Talet på nyetablerte føretak har falle med seks prosent på berre eitt år. Med berre 14 377 registreringar i årets andre kvartal, er gründerviljen på det lågaste nivået på 10 år.
– Medan andre land gjer stadig meir for å leggje til rette for gründerar og nyskaping, køyrer Ap-regjeringa på med ekstra skattar, meir byråkrati og ein retorikk som skremmer vekk nyskaping – samstundes som dei innbiller folk at «Noreg går så det susar». No må vi kutte i formuesskatten for norske eigarar. Vi kan ikkje ha eit skattesystem som er ei straff før du har lukkast, seier Bjørlo.
Han meiner tala viser at det hastar å skifte kurs i norsk næringspolitikk:
– Venstre sitt mål er at Noreg skal bli verdas beste land å starte og byggje verksemder i. Med dei dramatiske tala vi no ser, hastar det meir enn nokon gong med eit politisk kursskifte.
Vi må tenke nytt om næringspolitikken
Venstre meiner vi må tenke nytt om næringspolitikken, og har lagt fram ei eiga gründermelding med konkrete tiltak for skatt, kapital, kompetanse og byråkratireduksjon. Målet er å doble talet på oppstarts- og vekstbedrifter innan 2030.
Dei viktigaste elementa i Venstres gründermelding:
Fem mål for 2030:
Tiltaka omfattar:
Tenk nytt om skatt.
Norges framtid bygges av gründere, småbedrifter og alle som tør å satse på en idé. Venstre vil gjøre det enklere og mer lønnsomt å skape arbeidsplasser. Derfor vil vi fjerne formuesskatten på arbeidende kapital, forenkle regelverket og sikre at de som starter for seg selv får bedre sosiale rettigheter. Vi mener skattesystemet skal belønne verdiskaping og investeringer i norske bedrifter, ikke tappe dem for kapital de trenger for å vokse.
Er du klar for en politikk som spiller på lag med næringslivet? Se hvordan vi vil tenke nytt for å skape et grønnere og mer nyskapende Norge.