Haramskulen treng styrking – ikkje meir nedbemanning

Foto: Anton Sukhinov/Unsplash

Nyleg la Riksrevisjonen fram ein rapport som viser at tre av fem skoleleiarar i grunnskulen meiner dei manglar nødvendige læremiddel. Halvparten seier dei ikkje har økonomisk handlingsrom til å oppdatere verken bøker eller digitale verktøy etter innføringa av ny læreplan. Resultatet er at lærarar må kompensere med eigeninnsats, og at elevar får ulike føresetnader for læring – alt etter kva kommune og skule dei går på.

For oss i Haram Venstre reiser dette eit alvorleg spørsmål: Korleis står det til i Haram-skulen?

Vi veit at det dei siste åra har vore ein svært kraftig nedbemanning i skulen. Frå 2023 til 2025 har posisjonen – Ap, Sp, INP og SV – kutta skulebudsjettet med nesten 20 prosent i reelle tal. Det seier seg sjølv at dette får store konsekvensar for både læringsmiljø, læringsutbytte og det psykososiale miljøet i skulane våre.

Samtidig som Riksrevisjonen peiker på ein nasjonal trend med mangel på læremiddel, må vi stille spørsmålet: Kva for føresetnader har skulane i Haram til å tilby god og oppdatert undervisning når ressursane blir skorne ned så dramatisk? Korleis skal lærarane klare å møte behova i klasserommet, sikre tilpassa opplæring og følgje opp den nye læreplanen når rammene blir stadig trangare?

Venstre er djupt uroa for utviklinga. Vi veit at lærarar og skuleleiarar i Haram gjer ein formidabel innsats, men vi kan ikkje akseptere at skulane blir sette i ein situasjon der dei må kompensere for politiske budsjettkutt ved å springe fortare. Skulen er ikkje ein kostnad – han er den viktigaste investeringa vi gjer i framtida til barna våre og i utviklinga av lokalsamfunnet.

Vi utfordrar posisjonen på å svare: Når budsjettet til skulen er kutta med nær 20 prosent på to år, korleis kan dei seie at dei prioriterer barn og unge?

Haram treng ein skulepolitikk som byggjer opp – ikkje som bryt ned.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre