Kommunane har ansvar for ei rekkje tenester og utgifter knytt til dei som bur og oppheld seg i kommunen, samstundes som staten sit igjen med skatteinntektene frå gjestearbeidarane. Dette kan bety eit betydeleg økonomisk tap for Haram kommune.
Venstre vil derfor stille følgende spørsmål til kommunedirektøren i neste kommunestyremøte:
-
Kor mange gjestearbeidarar oppheld seg i Haram kommune i dag?
-
Kva storleik på kommunale utgifter (helse, renovasjon, infrastruktur m.m.) reknar administrasjonen med at denne gruppa medfører?
-
Kor mykje inntekter taper Haram kommune årleg fordi staten beholder alle skatteinntektene frå desse arbeidarane?
Føremål ned spørsmåla:
Å få fram eit talgrunnlag og ei fagleg vurdering av konsekvensane for Haram kommune, slik at vi kan belyse saka politisk og eventuelt fremje krav om endringar i inntektssystemet.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre
(NRK, 01.09.2025: «Tusenvis av gjestearbeidarar på Stord – store inntekter for staten, ingenting til kommunen»).