Ein bustadpolitikk for alle – ikkje berre for dei med rike foreldre

Foto: Haram Venstre

Å ha ein stad å bu er ikkje berre ein praktisk ting. Det er grunnlaget for fridom, tryggleik og moglegheit til å delta i samfunnet. Likevel opplever mange unge og barnefamiliar i dag at døra til bustadmarknaden er stengd.

Prisen for å kome inn er for høg, og krava til eigenkapital og dokumentavgift gjer at det blir nesten umogleg for førstegangskjøparar utan arv eller rike foreldre. Leigemarknaden er heller ikkje særleg trygg, verken for barnefamiliar eller for dei som slit økonomisk.

Dette er ikkje rettferdig. Difor treng vi ein bustadpolitikk som set menneske framfor system og byråkrati.

Venstre vil fjerne dokumentavgift og krav om eigenkapital for førstegangskjøparar, og satse meir på leige-til-eige-modellar som gjer det mogleg å ta steget inn i bustadmarknaden gradvis. Vi vil styrkje Husbanken og gi kommunane meir rom til å tilpasse startlån, bustøtte og garantiar til lokale behov.

Samtidig vil Venstre gjere regelverket for bygging enklare, slik at fleire bustader kjem på plass der folk faktisk treng dei. Vi vil også gå gjennom husleigelova for å gjere kvardagen tryggare for leigetakarar – og meir føreseieleg for utleigarar.

Kort sagt: Venstre sin bustadpolitikk handlar om å senke tersklane og sikre rettferd. Alle skal ha råd og moglegheit til å skaffe seg ein trygg heim – ikkje berre dei som har økonomien i orden frå før.

Noreg treng ein meir sosial og inkluderande bustadpolitikk. Venstre har planen.

Christian Holstad Lilleng
Stortingskandidat Venstre