Tenk nytt om Hardangerfjorden!

Sveinung Rotevatn, portrett med Grønne omgivelser. Sveinung smiler til kamera, med blå skjorte og hendene i hoften
Foto: Arild Danielsen

Innlegg av Sveinung Rotevatn, 1. kandidat for Venstre i Hordaland valkrins

Det må vere liv laga i Hardangerfjorden. Akkurat no peiker pilane feil veg. Venstre vil ta tak i miljøproblema før det er for seint.

Miljøtilstanden i Hardangerfjorden er ikkje god, og den utviklar seg i negativ retning. Fagfolk har slått alarm. No er det eit politisk ansvar å ta tak før det er for seint. Det er eit ansvar Venstre vil ta, og då må vi tenke nytt!

Bakgrunnen for miljøutfordringane i Hardangerfjorden er samansette. Gamle synder i form av utslepp frå industrien er éin årsak. Forureining frå menneskeleg aktivitet langs fjorden i dag ein annan.

Oppdrettsnæringa står for svært viktig verdiskaping og mange arbeidsplassar for folket langs Hardangerfjorden. Baksida av medaljen er miljøpåverknaden denne næringa fører med seg. Lakselusproblemet er den miljøutfordringa som må løysast først. Vår største oppgåve er tenke nytt om løysingar som kan balansere omsynet til livet i fjorden med næringslivet langs fjorden.

Vi politikarar må være tydelege på kvar vi skal framover. Venstre meiner vi skal ha utvikling og innovasjon, vi vil at sjømatnæringa skal vekse – på naturens premiss. Vi vil stille strenge miljøkrav og støtte overgang til lukka anlegg. Vi meiner det skal lønne seg for bedriftene å ta eit større ansvar for miljøet. Det skal lønne seg å ta grøne val.

Venstre vil vere ein del av ei regjering som er tydelege på kva vi forventar. Ei næringsvenleg regjering som er føreseieleg over tid slik at oppdrettsnæringa veit kva dei har å forhalda seg til når dei tek sats og investerer i bedrifta si.

Vi må nå klimamåla

Nedgangen i oksygennivået i Hardangerfjorden er dramatisk. Fjorden vår pustar rett og slett dårlegare, og sårbare økosystem er taparen. Klimaendringane er årsaka.

Norsk klimapolitikk har i mange år vore prega av politikarar som snakkar om ambisiøse mål for utsleppskutt, men som samtidig sviktar fullstendig når det kjem til å følgje opp måla med konkrete tiltak. Det gjer vegen til eit meir miljøvennleg samfunn unødvendig lang, og svekkjer det norske næringslivet sin konkurransekraft i den internasjonale marknaden.

Skal vi få til klimakutt må vi jobbe i lag med næringslivet, ikkje mot dei. Det er skilnaden på ein borgarleg og ein raudgrøn miljøpolitikk. Skal vi få til ein grøn politikk som monnar for fjorden vår, må vi jobbe i lag med bedriftene som har fjorden som arbeidsplass. Skal vi få til ei berekraftig havbruksnæring i Noreg som står seg inn i framtida så må vi spele på lag. At livet i fjorden gradvis utarmast er heller ikkje næringslivet tent med.

Venstre vil gjennomføre utsleppskutt raskare i Noreg. Difor går vi til val på å kombinere ambisiøse mål med faktisk handling som gjer at vi når dei.

Venstre vil ta ansvar for heilskapen i dette. Dette er ein kamp vi tek i dag, for oss sjølve og for framtidige generasjonar. Det er ein kamp som fordrar eit sterkt Venstre i ei borgarleg regjering.