Kommunedirektøren har tilrådd alternativ 1, som gir éin køyrebane og fortau. Denne løysinga er kostnadsfri for kommunen, men innsnevra og med berre eitt felt. Vi meiner dette ikkje gir god nok trafikktryggleik eller framtidige løysingar.
Alternativ 3 gir best tryggleik for både mjuke og køyrande trafikantar og legg betre til rette for utvikling på Terøya. Det er den einaste løysinga som kombinerer full breidde på køyrefelta med eit fortau som gjer det trygt å gå og sykle.
Ja, dette er noko dyrare for kommunen – men vi ser på det som ei investering i tryggleik, framkommelegheit og framtida. Å spare inn på breidde no vil vere å gamble med både trafikkflyt og tryggleik i mange tiår framover.
Haram Venstre vel derfor å stå på framtida si side – og vil foreslå alternativ 3 i tysdagens formannskapsmøte.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre