Venstre støtta sterkt denne innstillinga. Partiet peika på dei store miljøgevinstane og naturverdiane knytte til myr, og at kommunen sjølv tidlegare har lagt opp til restriktiv praksis i arealstrategien.
Alle dei øvrige partia i planutvalet – Frp, INP, Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet – valde å gå imot. Dei ønskte ikkje at Haram kommune skulle støtte eit strengare regelverk enn dagens, og stemte for at kommunen ikkje skal gå inn for eit totalforbod.
Dermed vart det igjen Venstre som stod åleine i kampen for naturvern. Resultatet er at Haram kommune sender ei høyringsuttale der kommunen ikkje støttar forslaget til lovendring, sjølv om både faginstansar og kommunedirektøren tilrådde å gå inn for sterkare myrvern.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre