Mobilisering av arbeidskraft og kampen mot utanfor­skap i Haram kommune

Foto: Andrew Neel/Unsplash

Haram kommune står, som resten av landet, framfor to parallelle utfordringar: Vi manglar arbeidskraft i fleire sektorar – samstundes som mange menneske står utanfor arbeidslivet. Dette er menneske med ressursar, vilje og ønske om å bidra, men som av ulike grunnar ikkje får sleppe til.

Det kan vere flyktningar som slit med språk og nettverk, unge som ikkje har fått fotfeste, eller menneske som har vore lenge ute av arbeidslivet på grunn av sjukdom eller andre livsutfordringar.

Konsekvensen er utanfor­skap. For den enkelte betyr det isolasjon og manglande moglegheiter til å leve sjølvstendige liv. For samfunnet betyr det tapt verdiskaping, auka utgifter og at vi mister viktige ressursar. Kampen mot utanfor­skap er difor både ei rettferdssak og ei av dei viktigaste investeringane vi kan gjere for framtida.

I Narvik har ein lansert ordninga «Gullbilletten», eit verkemiddel som kombinerer lønnstilskot, mentortilskot og inkluderingstilskot. Ordninga gjer at arbeidsgivarar tør å satse på dei som står utanfor, og den legg til rette for at fleire får arbeidserfaring, kvalifisering og varig jobb. Erfaringane frå Narvik viser at dette er ei gullfugl som andre kommunar no kopierer.

Korleis ordninga fungerer og blir finansiert:
«Gullbilletten» fungerer ved at arbeidsgivar (gjerne kommunen selv) får eit samla opplegg som reduserer risikoen ved å ansette ein person som står utanfor arbeidslivet. NAV kan gi lønnstilskot, slik at arbeidsgivar berre betaler ein del av lønskostnaden i ein avgrensa periode. Samstundes kan det bli gitt mentortilskot, der ein kollega får frikjøpt tid til å lære opp og følgje opp den nytilsette. I tillegg kan det søkjast om inkluderingstilskot, som dekkjer utgifter til nødvendig opplæring, kurs eller utstyr.

På denne måten får arbeidsgivar både økonomisk støtte og praktisk hjelp, medan arbeidssøkjar får reell arbeidserfaring, kvalifisering og ein betre sjanse til fast jobb. Ordninga finansierast i hovudsak gjennom eksisterande statlege tilskot frå NAV, medan kommunen sitt bidrag først og fremst handlar om å koordinere, vere pådrivar og stille eigne arbeidsplassar til disposisjon.

Resultat frå satsinga:
Erfaringane frå Narvik viser at ordninga verkeleg gir resultat. Ifølgje NAV Nordland er 69 prosent av dei som har mottatt ein «Gullbillett» framleis i jobb. Dette tyder på at kombinasjonen av lønnstilskot, mentorstøtte og inkluderingstilskot gir solid effekt når det gjeld varig arbeid for menneske som tidlegare stod utanfor arbeidslivet.

Venstre meiner Haram kommune bør vere neste. Vi må ta ansvar for å mobilisere den arbeidskrafta vi har – og samstundes gi fleire menneske ein reell sjanse til å bryte ut av utanfor­skapet.

Derfor setter Venstre frem følgjande forslag i ein interpellasjon i kommande kommunestyremøte:

«Haram kommune tek initiativ til å utvikle ei lokal ordning etter modell av «Gullbilletten» i samarbeid med NAV og lokale arbeidsgivarar. Målet er å redusere utanfor­skap, styrke inkluderinga i arbeidslivet og mobilisere den arbeidskrafta som i dag står utanfor.

Kommunedirektøren får i oppdrag å utgreie økonomiske og praktiske rammer for ordninga, inkludert korleis kommunen sjølv kan stille arbeidsplassar til disposisjon.

Saka blir lagt fram for kommunestyret senest i desembermøtet.»

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre