Naturvern i dag – livskvalitet i morgon

Foto: Angelina Litvin/Unsplash

Haram kommune står overfor avgjerder som vil påverke både natur, klima og lokalsamfunn i generasjonar framover. Som ein politisk aktør som set natur, klima og fellesskap først, meiner vi at dagens fleirtalsplan ikkje tek dette ansvaret på alvor. Difor fremmer Venstre eit eige forslag til samfunnsplan for 2025–2035.

Vårt forslag er forankra i alle FNs 17 berekraftsmål, og legg tydeleg vekt på vern av natur og klima. Vi vil prioritere jordvern og strandsonevern, for å sikre dyrka mark, friluftsområde og viktige viltkorridorar. Vi vil også fremje tiltak for grøne arbeidsplassar, lokal matproduksjon, folkehelse og psykisk helse. Dette handlar om å byggje Haram på ein måte som er berekraftig – økonomisk, sosialt og miljømessig.

Vi må vere ærlege: når det kjem til restriktiv natur- og klimapolitikk, står Venstre som regel åleine i Haram. Mange ønskjer rask utbygging og kortsiktig vekst, utan å vurdere konsekvensane for framtidige generasjonar. Difor er det viktig at vi fremmer eit alternativt forslag som set grenser for utbygging, sikrar strandsone og naturkvalitet, og tek ansvar for klima.

Vårt forslag handlar også om demokrati og medverknad. Innbyggjarane skal ha reell innflytelse på planlegginga, ikkje berre sjå planar bli vedtekne over hovudet på seg. Dette styrker både tillit og engasjement, og gir eit sterkare lokaldemokrati.

Kort sagt: Vi fremmer eit eige forslag fordi Haram treng ein samfunnsplan som set natur, klima og fellesskap først, og som vågar å stå imot kortsiktig gevinst. Dette er ein plan for alle – og ein plan som tek ansvar for framtida.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre

 

Les her: Venstre sin alternative samfunnsplan 2025-2035