Gullbilletten – ein ny sjanse for fleire i Haram

Mann med lyspære
Foto: Riccardo Annandale/Unsplash

Haram Venstre tok i kommunestyret til orde for at kommunen bør utvikle ei lokal ordning etter modell av «Gullbilletten» frå Narvik. Bakgrunnen er dei to store utfordringane vi som samfunn står i: vi manglar arbeidskraft i fleire sektorar – samstundes som for mange menneske står utanfor arbeidslivet.

Når ressurssterke folk ikkje slepp til, anten dei er flyktningar, ungdom eller menneske som har vore lenge ute av arbeid, får det alvorlege konsekvensar. For den enkelte betyr det isolasjon og manglande moglegheit til å leve sjølvstendige liv. For samfunnet betyr det tapt verdiskaping og auka utgifter.

Venstre meiner kampen mot utanfor­skap er både ei rettferdssak og ei klok investering for framtida. Det handlar om å ta i bruk den arbeidskrafta vi faktisk har, og om å gi fleire sjansen til å skape seg eit betre liv.

Ordføraren sitt svar viser at Nav Haram allereie har teke viktige steg i rett retning, mellom anna med kommunalt lønnstilskot og tett samarbeid med næringslivet. At Haram ligg over fylkessnittet på arbeidsindikatorar og har få langtidsmottakarar av sosialhjelp, viser at innsatsen verkar. Likevel ser NAV at fleire framleis står utanfor, og difor seier NAV er det gledeleg at kommunen no vil greie ut rammene for ei lokal «Gullbilletten»-ordning.

For Venstre er dette heilt i tråd med vårt sosialliberale grunnsyn: Vi skal ta ekstra vare på dei som fell utanfor. Fridom er ikkje reell om du ikkje får moglegheita til å delta i arbeidslivet og bidra til fellesskapet. Difor vil vi kombinere ansvar for dei offentlege midlane med målretta satsingar som faktisk gir resultat – fleire i arbeid, færre på passiv stønad og sterkare fellesskap i lokalsamfunnet.

Vi er stolte av at Haram no ser på korleis vi kan ta i bruk «Gullbilletten». For kvar enkelt som får ein fot innanfor arbeidslivet, vinn vi alle: arbeidsgivaren får ein ny ressurs, lokalsamfunnet får auka verdiskaping, og mennesket sjølv får styrkt livskvalitet og framtidstru.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre