Då saka var til behandling, la administrasjonen fram ei innstilling om å velje den smalaste løysinga, som ikkje ville koste kommunen noko ekstra. Venstre meinte derimot at vi måtte løfte blikket og ta ein framtidsretta beslutning. Difor foreslo vi alternativ 3 – med to køyrefelt og eit tre meter breitt fortau. Forslaget fekk full støtte i formannskapet, og kommunestyret har no stadfesta vedtaket.
Dette er vi svært glade for. Ei brei bru vil gi betre trafikktryggleik både for mjuke trafikantar og for køyretøy, og ikkje minst er dette heilt avgjerande for trafikken til og frå Terøysamfunnet og den store industrien på Terøya. Det handlar ikkje berre om dagens behov, men om å legge til rette for framtidig utvikling.
Ja, kommunen må ta ein ekstra kostnad på 1,125 millionar kroner, men vi meiner dette er ei klok investering. Med denne løysinga sikrar vi ei bru som står seg i mange tiår framover, og som gir både innbyggjarar og næringsliv den tryggleiken og tilgangen dei fortener.
Venstre er stolte over å ha fått gjennomslag for ei løysing som kombinerer tryggleik, framtidstenking og ansvar for lokalsamfunnet.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre