Vi hadde lagt fram konkrete forslag, forankra i FNs berekraftsmål, som kunne gitt Haram ei tydelegare retning:
-
Ein klimapolitikk som tek på alvor dei utsleppa vi kan kutte lokalt.
-
Vern av matjorda – fordi mattryggleik og sjølvforsyning er grunnleggjande.
-
Ei strandsone som er open og tilgjengeleg for alle, ikkje bygd ned bit for bit.
-
Naturmangfald som ikkje berre blir omtalt i festtalar, men reelt teke vare på i kommunens prioriteringar.
Når fleirtalet ikkje vil vere med på dette, står Venstre igjen åleine. Men vi gir oss ikkje. Vi skal framleis vere vaktbikkja i Haram kommune når natur og klima står på spel. For oss handlar dette ikkje om symbolpolitikk, men om kva slags kommune vi overlèt til komande generasjonar.
Vi ønskjer oss eit samarbeid der vi løftar i fellesskap for framtida – men når dei andre partia tek for lett på dei viktigaste spørsmåla i vår tid, vil Venstre halde fast på prinsippa våre. Naturen har ingen stemme i kommunestyresalen. Difor er det vår plikt å snakke for ho.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre