Eldreomsorg og «hjemme best»-politikken

Foto: Gert Stockmans/Unsplash

I eldreomsorga er det no «hjemme best»-politikken og retorikken som dominerer. Slagordet høyrest fint ut – dei fleste eldre ønskjer sjølvsagt å bu heime lengst mogleg, og dei fleste pasientar vil raskt tilbake til eiga seng etter sjukehusopphald. Men under dette ligg ei reell ansvarsforskyving frå fellesskapet til den enkelte eldre og deira pårørande.

Dette handlar ikkje berre om oppgåvedeling, men i praksis om ei privatisering av omsorga for våre eldste og mest sårbare. Heimane blir i aukande grad gjort om til sjukeheimar eller periodevise sjukehus, utan at det følgjer ressursar eller fagkompetanse med. Når staten ikkje stiller opp med ressursane kommunane treng for å sikre forsvarleg helsehjelp, blir pårørande i realiteten gjort til bemanningsbyrå – ofte utan reell moglegheit til å seie nei.

Venstre er eit sosialliberalt parti. Vi meiner at fellesskapet skal stille opp når enkeltmennesket ikkje kan bære byrdene åleine. Vi trur på valfridom og ansvar – men valfridom føreset reelle alternativ. «Heime best» kan ikkje vere ein tvangstrøye der folk ikkje får noko anna val enn å belaste familie og vener. Omsorg må vere eit felles ansvar, ikkje ei privatisert løysing som gøymer seg bak fine ord.

Difor ber vi om ei prinsipiell utgreiing til formannskapet om følgjande spørsmål:

  1. Ansvarsforskyving: Kva rolle ser Haram kommune for pårørande i framtidas eldreomsorg? Er det eit ønskjeleg prinsipp at pårørande i aukande grad tek over oppgåver som i dag ligg til profesjonelle helsearbeidarar?

  2. Ressursar til kommunane: Kva signal bør Haram sende til staten om behovet for ressursar, dersom «heime best»-politikken i praksis blir ei overføring av byrder frå fellesskapet til enkeltpersonar?

  3. Valfridom: Korleis kan vi sikre at eldre og deira familiar faktisk har eit reelt val mellom heimebasert omsorg og institusjonsplass, i staden for å bli pressa inn i éin modell?

  4. Samfunnsøkonomi: Er det samfunnsøkonomisk forsvarleg å pålegge yrkesaktive pårørande meir omsorgsansvar, med alt det medfører av sjukefråvær, deltidsarbeid og tapt arbeidskraft?

  5. Velferdssamfunnets verdiar: Kva slags samfunn vil vi vere: eitt der fellesskapet stiller opp når livet er på sitt mest sårbare, eller eitt der ansvaret skyvast over på familiane?

Vi ønskjer at ordførar/kommunedirektør kjem med ei slik utgreiing til neste formannskapsmøte, slik at vi kan få ein open og prinsipiell diskusjon om retninga for eldreomsorga i Haram så raskt som mogleg.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre