For høg hjortebestand – til skade for både natur og næring

Foto: Haram Venstre

Hjorten er eit flott og viktig dyr, men når bestanden blir for stor, skapar den store problem – både for naturen og for landbruket i Haram.

Vi ser allereie teikn på overbestand. Unge tre som osp, rogn og vier blir beita ned før dei får sjansen til å vekse opp, og blåbærlyngen er sterkt redusert fleire stader. Det påverkar ikkje berre vegetasjonen, men også fugl, insekt og smådyr som er avhengige av eit variert skogbilde.

For bøndene gir hjorten store økonomiske tap. Frå Møre og Romsdal er det rapportert om avlingsreduksjonar på opptil 25 prosent som følgje av hjortebeiting. Særleg grasarten timotei, som er svært viktig i grovfôrproduksjon, forsvinn lett når ho blir hardt beita. Dette gir dårlegare kvalitet og meir kostbar fornying av enga.

Vi ser òg fleire trafikkulukker, fleire hjort på dyrka mark og lågare slaktevekter på ungdyr. Alt dette er klare teikn på at bestanden er for stor.

Difor kjem vi til å ta saka opp i neste kommunestyremøte gjennom ein interpellasjon. Vi meiner at Haram kommune må ta ansvar: Vi treng ein grundig gjennomgang av hjortebestanden, eit tettare samarbeid med grunneigarar og jegerar, og tiltak som sikrar ein bestand i tråd med naturens bereevne. Samstundes bør vi få ei total gjennomgang av viltkorridorane i heile kommunen, slik at vi betre kan ta omsyn til både naturmangfald, landbruk og trafikktryggleik i framtidig planlegging.

Ei meir berekraftig forvaltning vil vere til fordel for både naturen, næringa og lokalsamfunnet vårt.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre