Haram vel bulldoseren framfor naturen

Foto: Haram Venstre

Noreg er allereie Europameister i å bygge ned natur. Ikkje berre litt – vi ligg på topp i Europa i naturtap per innbyggjar. Mellom 2017 og 2022 vart det registrert 44 000 nye naturinngrep i landet vårt. Skog, myr, jordbruksareal og strandsoner forsvinn i rekordfart.

I denne situasjonen skulle ein tru at Haram ville ta ansvar. At vi ville stå opp for matjorda vår, strandsona vår, og den naturen som gjer bygda til eit godt og trygt stad å bu. Men nei. Kommunestyret har nyleg stemt ned Venstre sitt forslag om strengt jordvern og strandsonevern. I staden vel fleirtalet å opne opp for endå fleire dispensasjonar, meir bygging – og meir naturtap.

Dette er ikkje “balanse”. Det er ikkje “praktisk politikk”. Det er korttenkt og uansvarleg. Kvar meter med matjord som forsvinn er tapt for alltid. Kvar bit av strandsona som blir bygd ned, kan ikkje gjevast tilbake til framtidige generasjonar.

Når naturen taper, taper vi alle

Konsekvensane av denne politikken er enkle å peike på:

  • Mindre matjord = mindre evne til å produsere vår eigen mat i framtida.

  • Bygd ned strandsoner = dårlegare friluftsliv, mindre biologisk mangfald, og svekka vern mot flaum og erosjon.

  • Meir nedbygging = mindre natur for komande generasjonar.

Dette er ikkje berre miljøpolitikk. Det er spørsmål om tryggleik, livskvalitet og ansvar.

Naturen kan ikkje møte i kommunestyret

Det grove er at naturen sjølv ikkje har ei stemme i salen. Den kan ikkje reise seg og protestere når bulldosaren kjem. Det er vårt ansvar å vere den stemmen – og i Haram svikta fleirtalet.

Venstre kjem til å halde fram kampen. For matjorda. For strandsona. For naturen. For framtida. For oss er dette ikkje symbolpolitikk – det er livsnødvendig politikk.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre