Men mange står i ein kvardag som er altfor pressa: for få tilsette, for lite tid, for små ressursar. Det går utover både dei som jobbar der og barna som burde hatt meir vaksentid, meir ro, og fleire trygge vaksne rundt seg. Når barnehageansatte seier at «vi er for få», bør alle alarmklokker ringe.
Likevel har vi ei posisjon i Haram som snakkar varmt om barnehagane – men som ikkje følgjer opp med ressursar. Det er ikkje nok å love gratis barnehage eller vise til nasjonale tiltak. For å gi barna våre den starten på livet dei fortener, må vi satse her og no, lokalt i Haram.
I Venstre har vi prioritert nettopp dette. Vi la i vårt alternative budsjett for 2025 inn pengar til prøveprosjekt med varm mat i barnehagane, overgangspedagogar som følgjer barna frå barnehage til skule, og betre tilrettelegging for kvardagen til småbarnsfamiliar. I tillegg foreslo vi å bruke 25 millionar kroner meir på skular og barnehagar enn det kommunedirektøren la opp til for 2025. Det er ei reell satsing – ikkje berre fine ord.
Derfor er utfordringa klar: Vil posisjonen i Haram halde fram med å prate, eller vil de stille opp for barnehagane og dei som kvar dag gir alt for barna våre?
For utan barnehagane stoppar Haram.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre