Tid for ein rettferdig finansiering av skulane

Foto: Ben Mullins/Unsplash

Venstre har teke initiativ til å få vurdert finansieringsnøkkelen for skulane i kommunen på nytt. Det handlar i korte trekk om rettferd – og om å sikre at kvar elev får dei ressursane han eller ho treng for å lære og trivast.

I dag er det store skilnader mellom skulane, både når det gjeld elevgrunnlag, behov og utgifter. Nokre skular har fleire elevar med særskilde behov, medan andre har større kostnader knytt til skuleskyss, medisinering eller spesialundervisning. Når finansieringsmodellen ikkje tek godt nok høgde for slike forskjellar, blir det i praksis elevane som betaler prisen.

Difor bad Venstre om ei eiga utgreiing av finansieringsnøkkelen. Vi meinte det var på tide å sjå på om staten sine satsar for privatskular òg kunne nyttast for offentlege skular – og korleis kommunen kan sikre betre samsvar mellom behov og tildeling.

No er ei ny ressursfordelingsmodell utarbeidd, og kommunen har hatt dialog med skuleleiarane om erfaringane så langt. I oktober skal modellen leggjast fram saman med kvalitetsmeldinga for skulane. Det er bra – men det er òg viktig at politikarane faktisk nyttar denne sjansen til å gjere modellen rettferdig, open og føreseieleg.

Skulen er grunnmuren i kommunen vår. Då må vi òg vere villige til å byggje han på ein solid og rettferdig finansiering.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre

PS! Saka er omtala her i Haram kommunes tertialrapport