Venstre er alvorleg bekymra for kommuneøkonomien

Christian Holstad Lilleng - gruppeleiar i Haram Venstre., Foto: Haram Venstre

Tertialrapporten frå kommunedirektøren stadfestar no det vi i Haram Venstre åtvara mot allereie i juni: situasjonen for kommuneøkonomien er alvorleg, og utan openheit og tidlege grep kan konsekvensane bli dramatiske for innbyggarane.

Kommunedirektøren melder no om eit meirforbruk på over 12 millionar kroner for 2025, og peikar på at omstillingstiltaka tek lengre tid enn venta. Det er særleg innan helse og omsorg, livsløp og oppvekst at tala går i feil retning. Samstundes er det høg rente, uvisse om delingsoppgjeret, og auka pensjonskostnader som pressar økonomien endå meir.

Dette er ikkje berre tal i eit rekneark – dette handlar om kvaliteten i tenestene våre. Når rapporten slår fast at kommunen ikkje lenger kan drifte på dagens nivå, og at auka eigedomsskatt er einaste alternativet for å halde kvaliteten oppe, er det eit varsku til alle parti i kommunestyret.

I juni spurde vi i Venstre tydeleg:

  • Kvar kan vi kutte utan å skade dei svakaste?
  • Korleis kan vi bruke fondsmidlar klokt for å kjøpe oss tid til reell omstilling?
  • Kva plan har kommunedirektøren for å hindre at tenestene kollapsar før omstillingstiltaka får effekt?

Vi fekk aldri gode svar. No ser vi konsekvensane.

Venstre meiner det er uansvarleg å late tida gå utan at kommunestyret tek ei reell styring i økonomiarbeidet. Vi treng eit ope og ærlig oppgjer med kva tenestenivå vi faktisk har råd til – før vi kjem til punktet der kutt må gjerast i panikk.

Vi meiner også at:

  • Det må lagast ein tydeleg prioriteringsplan for kvar ein kan kutte med minst skade.
  • Kommunestyret må få løpande oppdateringar om økonomien, ikkje berre tertialvis.
  • Det må gjerast ein brei gjennomgang av investeringsnivået, særleg i lys av dei høge renteutgiftene.
  • Eventuelle eigedomsskatt-endringar må kombinerast med effektivisering og digitalisering, ikkje vere einaste svar.

Haram Venstre vil stå på for ansvarleg økonomistyring – men også for at kommunen ikkje mister sin sjel på vegen. Vi vil ha openheit, prioriteringar som er sosialt rettferdige, og ein plan som gjev håp, ikkje berre tal i raudt.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre