I Haram kommunes plan for oppvekst, helse og levekår vert fleire av desse utfordringane identifiserte, mellom anna auka psykiske helseproblem blant unge, manglande tilbod om bustader og behov for betre samarbeid mellom kommunar.
Difor la Haram Venstre i haust fram eit alternativt budsjett for 2025 med meir til oppvekst, helse og omsorg – og vi vil halde fram med desse tiltaka i dei kommande budsjetta.
Vi foreslo meir til barnehagar og skular, fleire lærarar i klasseromma, betre læremiddel og meir praktiske læringsopplegg. Vi ville styrke psykisk helseteneste for barn og unge, med fleire helsesjukepleiarar, sosionomar og ungdomsarbeidarar. Vi prioriterte også meir til førebygging i helse og omsorg, frisklivstilbod og fallførebygging for eldre, slik at fleire kan bu trygt heime lenger.
Venstre ville dessutan ta tak i mangelen på bustader. Vi la vekt på behovet for fleire små og rimelege bustader for unge, einslege og eldre – samt tryggleiks- og seniorbustader i nærleiken av tenester og fellesskap. Alle skal ha råd til ein stad å bu – og kjenne seg trygge der.
Samtidig foreslo vi tiltak for å lette trykket på hushalda, mellom anna reduksjon i eigedomsskatt og midlertidig støtte til vassavgifta – fordi folk skal få kjenne at kommunen står på deira side.
Kor kom pengane frå? Venstre prioriterte om innanfor dagens rammer: Vi kutta i byråkrati, unødvendig konsulentbruk og utsette dyre investeringar som ikkje hastar. Vi ønskte også at kommunen skulle ta Statsforvaltaren si oppmoding om meir samarbeid med nabokommunane på alvor – til dømes innan lønnskjøring og andre støttefunksjonar – slik at vi kunne bruke ressursane der dei verkeleg trengst. Kort sagt: mindre pengar til system – meir til folk.
Venstre ser heile mennesket – og vi veit at gode tenester, trygge heimar og aktive nærmiljø er den beste investeringa for framtida. Difor vil vi halde fast ved desse prioriteringane også i dei kommande budsjetta.
For Venstre handlar budsjett ikkje om tal – men om menneske.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre