Statsforvaltaren er samd med Venstre

Foto: Haram Venstre

Då Venstre la fram vårt forslag til ny samfunnsplan for Haram, la vi vekt på eit tydeleg prinsipp: Naturen, strandsona og fellesskapsverdiane skal ikkje ofrast bit for bit for kortsiktige private ønskje. Vi fekk ikkje fleirtal. Senterpartiet sitt forslag vart vedteke, støtta av SP, INP, Ap, KrF, SV og den uavhengige representanten.

Men no får vi støtte – frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I haust har Statsforvaltaren sendt to klager på vedtak i Haram kommune sitt planutval, begge etter at fleirtalet har gjeve dispensasjonar til tiltak i strandsona: eit badstuhus på Longeseset og ein platting med levegg på Lepsøya. I begge sakene peikar Statsforvaltaren på det same:

Strandsona har eit særleg vern i lova. Tiltaka verkar privatiserande og vil hindre allmenn ferdsel. Dei kan skape farleg presedens og svekke natur- og landskapsverdiane langs kysten vår.

Dette er ord for ord den linja Venstre har stått for – både i samfunnsplanen og i planutvalet.

Det handlar ikkje om å vere mot utvikling, men om å ta vare på dei langsiktige verdiane som gjer Haram til ein unik kystkommune: fri ferdsel langs sjøen, levande natur og eit landskap som tilhøyrer alle.

Når Statsforvaltaren no klagar på dei same vedtaka som Venstre har åtvara imot, viser det at vi står på rett side av saka. Det er ikkje Venstre som står åleine – det er fleirtalet i kommunestyret som står åleine mot faglege råd, lovverk og forvaltningsprinsipp.

Haram treng ein samfunnsplan som byggjer på kunnskap, berekraft og rettstryggleik, ikkje kortsiktige unntak. Vi håper desse sakene blir ei vekkar: Naturen treng ikkje fleire dispensasjonar. Ho treng politikarar som tek ansvar.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre