«Heime best» – men for kven?

Foto: Danie Franco/Unsplash

I siste møte i formannskapet tok Venstre opp eit grunnleggjande spørsmål om retninga for eldreomsorga. Slagordet «heime best» har vorte ein del av både den nasjonale og lokale politikken – og på papiret høyrest det både varmt og menneskeleg ut. Dei fleste eldre ønskjer å bu heime så lenge dei kan. Men under den fine retorikken ligg ei utvikling som i praksis skyv meir ansvar over på den enkelte og pårørande.

Når heimane i aukande grad blir gjort om til sjukeheimar utan at ressursane følgjer med, blir «heime best» fort «heime åleine». Og når yrkesaktive pårørande må ta meir ansvar, betalar vi ein pris – i sjukefråvær, deltidsarbeid og tapt arbeidskraft. Dette er ikkje berre eit spørsmål om økonomi, men om kva slags velferdssamfunn vi ønskjer å vere.

Venstre bad difor kommunen om ei prinsipiell utgreiing: Kva rolle ser Haram kommune for pårørande i framtidas eldreomsorg? Kva signal vil vi sende til staten om ressursbehovet? Og korleis kan vi sikre at folk faktisk har eit val mellom heimebasert omsorg og institusjonsplass – ikkje berre ei tvangstrøye forkledd som valfridom?

Kommunedirektøren svara at dette er eit stort og omfattande arbeid som skal inngå i helse- og omsorgsplanen, planlagt ferdig i 2026. Venstre set pris på at dette arbeidet skal kome, men meiner temaet er for viktig til å vente i eitt år. Spørsmåla handlar om verdiane som ligg til grunn for heile eldreomsorga vår – om vi skal møte aldringa i samfunnet med fellesskap eller med ansvarsforskyving.

Venstre kjem til å følgje opp dette arbeidet vidare. For oss handlar det ikkje om slagord, men om menneske. «Heime best» må aldri bli eit system der fellesskapet trekk seg unna og dei pårørande står att med heile ansvaret.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre