Vi bad om ei vurdering av korleis ordninga fungerer i Haram, og kva tiltak kommunen vil setje i verk for å sikre at intensjonen bak ordninga – rettferdig kompensasjon for stort ansvar og mange arbeidstimar – faktisk blir oppfylt.
Kommunedirektøren svara at Haram kommune vidarefører ordninga frå tidlegare Ålesund med ti kompensasjonsfridagar. Det er leiar sitt ansvar å forvalte ordninga, og tilbakemeldinga er at dei fleste klarer å ta ut fridagane. Det er mogleg å avtale dagløner som kompensasjon, men terskelen for slik utbetaling har vore høg.
Venstre meiner dette viser eit behov for tettare oppfølging. Når ordninga i praksis fungerer ulikt frå stad til stad, risikerer vi at skoleleiarar som står i ein av dei mest krevjande jobbane i kommunen, ikkje får den kompensasjonen dei har rett på. Haram kommune bør vere ein føregangskommune i å ta vare på dei som tek vare på skulane våre.
Eit system som byggjer på tillit må òg byggje på rettferd. Venstre vil difor halde fram med å løfte fram slike spørsmål, for å sikre at kommunen både stiller krav – og tek ansvar – på ein rettvis måte.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre