Dette er ikkje eit bagatellmessig spørsmål. Trekkordninga påverkar budsjettet direkte, og kan i praksis bety millionar i reduserte frie inntekter. Samstundes må kommunen likevel dekkje utgifter som spesialundervisning, særskild språkopplæring og skuleskyss for elevar som går på private skular.
Det er difor viktig å få ei open og presis oversikt over kva dette faktisk kostar Haram-samfunnet – og om ordninga slår rettferdig ut for oss.
Kommunedirektøren kunne likevel ikkje svare i møtet. Saka vart omtala som innvikla og vanskeleg, og skal først svarast ut i neste møte. Det har vi forståing for, men vi meiner likevel at dette viser behovet for betre innsyn og oversikt i økonomiske ordningar som i det stille påverkar kor mykje pengar vi har til den offentlege skulen.
Venstre kjem til å følgje opp saka vidare. For oss handlar dette ikkje om å vere for eller imot private skular – men om å sikre at kommunen forstår og handterer dei økonomiske konsekvensane fullt ut. Openheit, kunnskap og rettferd må vere styrande i skulepolitikken, også når systemet er komplisert.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre