Vi må vite kva vi er med på

Foto: Nirmal Rajendharkumar/Unsplash

Haram kommune står i ein krevjande økonomisk situasjon. Når vi skal prioritere, må vi òg vite kva vi brukar pengane våre på. Difor har vi i Venstre bede kommunedirektøren om å leggje fram ei oversikt over alle ordningar, stiftingar, lag og selskap som kommunen er medlem av på frivillig grunnlag – med tilhøyrande kostnader og nytteverdi.

Torsdag skal kommunestyret ta stilling til om Haram kommune skal vere med i to slike samarbeid: Viti og eit felles destinasjonsselskap for Møre og Romsdal. Formannskapet har tilrådd at kommunen ikkje blir med, og det er viktig at vi har eit godt grunnlag for å vurdere dette – og alle liknande ordningar.

Vi meiner det er heilt rett å stille spørsmål om kva vi får igjen for medlemskap og deltaking i ulike samarbeidsprosjekt.

Når budsjetta er tronge, må vi sikre at kvar krone vi bruker, kjem innbyggjarane til gode.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre