Alvorleg uro for kommuneøkonomien

Christian Holstad Lilleng, Foto: Haram Venstre

Stram inn! seier kommunedirektør Hammer.
Unngå unødig sløsing! formanar brannsjef Egenæss.
Stopp investeringane – maks 35 millionar! seier økonomisjef Lervik. Frå Venstre si side er det fleire utviklingstrekk som gir grunn til uro, og som kommunestyret no må ta på alvor – før utfordringane veks oss over hovudet.

Ei pressa kommuneøkonomi

Som Venstre tidleg har peikt på, viser tertialrapporten at kommunen står i ei krevjande økonomisk situasjon.
Over 28 millionar kroner i meirforbruk er ikkje berre tal på eit ark – det handlar om tryggleik, kvalitet og kapasitet i tenestene våre. Venstre meiner vi treng ein tydeleg prioriteringsplan: Kva må vi kutte, og kva må vi verne om for å sikre forsvarlege tenester til innbyggjarane våre.

Barnehagesektoren – Søvika blir ofra

Det famøse barnehageforliket, der Frp, KrF, Sp, Ap, INP og SV freda barnehagane på øyane og samtidig opna for ny privat barnehage på Hildre, har fått føreseielege konsekvensar.
Når ein frys strukturen på øyane, men samstundes aukar kapasiteten på fastlandet, må noko takast andre stader.

Resultatet er at Søvika barnehage no blir ofra av posisjonen.
Som representanten Kathrine Pernille Beite og eg skreiv alt i mars i fjor: Søvika blir lagt på posisjonens alter – både for symbolsaker og for manglande heilskapstenking.

Dette er etter mi meining ein alvorleg strategisk feil. Det handlar ikkje berre om kroner og øre, men om tilbod i heile kommunen, tryggleik for barnefamiliar og verdien av levande lokalsamfunn.
Dersom vi no lar Søvika gå tapt, svekkjer vi ikkje berre eit barnehagetilbod – vi svekkjer framtidstrua i ein heil del av kommunen.

Fråvær og nærvær – eit alvorleg varselsignal

Ein annan, og minst like alvorleg del av rapporten, handlar om fråværet blant dei tilsette.
På eitt år – frå 1. august 2024 til 1. august 2025 – har sjukefråværet auka frå 9 til 10,53 prosentpoeng.
Det er ein reell auke på 16 prosent på berre eitt år.
Bak desse prosenttala skjuler det seg 66 menneske som kvar dag er borte frå jobb i kommunen.

Vi veit at kvar prosent fråvær kostar kommunen mellom 5 og 6 millionar kroner i året.
10,5 prosent betyr med andre ord mellom 50 og 60 millionar kroner i tapte ressursar – smak litt på det talet.

Venstre foreslo i budsjettet for 2025 å setje av 1,5 millionar kroner til nærværstiltak og 4 millionar ekstra til det psykiske helseteamet – for å førebygge sjukefråvær og betre arbeidsmiljøet.
Dette vart stemt ned av posisjonen, som meinte det ikkje var naudsynt.
No ser vi resultatet: høgare fråvær, svekka drift og milliontap.
Dette viser kor viktig det er å satse på førebygging framfor reparasjon.

Kvinnehelse og førebygging

Venstre har òg teke opp behovet for eit større fokus på kvinnehelse, særleg knytt til overgangsalderen.
Når fire av fem tilsette i kommunen er kvinner, må vi ha betre kunnskap og tiltak for å ta vare på helse og nærvær i denne gruppa.
Då vi tok opp dette, fekk vi til svar at «dette er godt nok som det er».
Venstre meiner det ikkje er godt nok – og at kvinnehelse må inn som ein naturleg del av nærværsarbeidet dersom vi skal behalde kompetente medarbeidarar.

Openheit og styring

Vi har fleire gonger bede om større openheit i kommunens økonomiske disposisjonar og samarbeid.
Kommunestyret må vite kva vi faktisk er med på – kva det kostar oss, og kva vi får igjen.
Ingen ansvarleg verksemd ville drive med så mykje usikkerheit, og det bør ikkje kommunen gjere heller.

Skule og rettferdig finansiering

Skulen er grunnmuren i kommunen, men dagens finansieringsmodell er ikkje rettferdig.
Venstre har bede om ei vurdering av korleis ressursane blir fordelte, slik at midlane faktisk følgjer elevane og behova. Vi har òg stilt spørsmål ved konsekvensane av dei private skulane – kven tener, og kven taper?
Her treng vi open rekneskap og fakta før vi trekkjer konklusjonar.

Kva Venstre vil

Venstre vil at kommunen skal få på plass:

  • Ein konkret plan for å redusere sjukefråvær og styrke nærvær, med klare mål og tiltak.

  • Minst 1,5 millionar kroner til nærværstiltak i budsjettet for 2026.

  • Ein strategi for kvinnehelse, med særleg fokus på overgangsalderen.

  • Ein prioriteringsplan for økonomiske kutt og tiltak, med vurdering av konsekvensar for tenestene.

  • Hyppigare økonomirapportering – ikkje berre kvart tertial.

  • Kost–nytte-analysar før nye investeringar og avtalar blir inngått – og òg for dei vi allereie har.

Tid for å ta grep

Venstre ønskjer å bidra til ansvarleg økonomistyring – men vi vil òg at kommunen skal ta vare på dei som gjer jobben kvar dag. Høgt fråvær, manglande førebygging og usikker prioritering er teikn på eit system som treng betre leiing og meir openheit.

No er tida for å ta grep – ikkje for å skyve problema framfor oss.

Eg vil avslutte med ei klar oppmoding til posisjonen:
Høyr på kommunedirektør Hammer, som seier det må kuttast om budsjettet skal halde.
Høyr på brannsjef Egenæss, som ber dykk stå ved dei faglege råda i staden for å leggje på millionar utan dekning.
Og høyr på økonomisjef Lervik, som seier at vi ikkje kan investere meir enn 35 millionar kroner i året framover.

Det betyr blant anna at tida er inne for å legge planane om badelandet i Brattvåg sentrum heilt bort, og heller sjå etter realistiske løysingar for eit heilt vanleg 25-meters basseng ei anna plass i kommunen.

Kommunen treng handlekraft – ikkje ønsketenking.
No må vi slutte å håpe at alt går bra, og i staden sørgje for at det faktisk gjer det.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre