10 prosent av elevane på privatskule
I dag går over 10 prosent av grunnskuleelevane i Haram på privatskule – 105 av 997 elevar. Det er eit uvanleg høgt tal for ein kommune av vår storleik. Vi meiner kommunen må undersøke kvifor. Er det berre geografi som gjer utslaget, eller handlar det òg om opplevd kvalitet, trivsel eller tillit til den offentlege skulen?
For Venstre er svaret klart: Vi skal ikkje godta at fleire vel privatskule fordi dei ikkje har tillit til den offentlege. Vi må styrke den offentlege skulen slik at foreldre og elevar får tru på at dei får eit godt og trygt tilbod der dei bur. Difor foreslo Venstre i vårt alternative budsjett for 2025 å auke ramma til skule og barnehage med 25 millionar kroner – midlar som går direkte til lærarar, lærebøker, spesialundervisning og støttefunksjonar.
Aukande press – og aukande fråvær
Rapporten slår fast at skulane har utfordringar med å oppfylle lovpålagde oppgåver. Budsjettet for 2024 var i realiteten 5–6 prosent lågare enn året før, og situasjonen blir den same i 2025. Samstundes aukar arbeidsmengda og forventningane.
Det er ikkje rart at lærarar og rektorar melder om høgt press og markant auke i sjukefråvær. Tertialrapporten viser heile 10 prosent fråvær i skulesektoren – og det er alvorleg.
Venstre har difor foreslått 1,5 millionar kroner ekstra til arbeid med nærvær og arbeidsmiljø, med målretta tiltak for å redusere sjukefråværet og betre støtta for lærarane.
Manglande kompetanse og ressursar
Tilstandsrapporten viser òg mangel på svømmelærarar og store utfordringar med språkopplæring for flyktningar og innvandrarar, særleg i område der meir enn halvparten av elevane har fleirkulturell bakgrunn.
Etter overgangen frå Ålesund til Haram har fleire skular opplevd nedgang i ressursar og støtte, noko som merkast i kvardagen. Venstre har foreslått ekstra midlar til innleige av svømmelærarar og styrking av norskopplæringa for fleirkulturelle elevar, slik at skulane får kompetansen og verktøya dei treng. Desse forslaga blei stemt ned av posisjonen.
Brattvåg-skulane: frå lovnad til realitet
I tillegg brukar skulane store ressursar på tilrettelegging som ikkje blir kompensert. Å få «lov til å gå over budsjett» er ikkje ei løysing – det er eit faresignal om at systemet ikkje heng saman.
På Brattvåg ungdomsskule er det no sju færre lærarar enn i 2019, trass i tidlegare lovnader om å få tilbake tolærarsystemet når Haram vart eigen kommune. Samstundes er bygningsmassen i Brattvåg både utdatert og nedsliten.
Venstre meiner tida er inne til å starte planlegging av ny eller totalrenovert skule i Brattvåg – og vi vil ha prosjektet inn i investeringsplanen no, ikkje om fem år.
Kvalitet og læring
Til slutt peikar rapporten på store skilnader i standpunktvurdering: Vatne har treft godt, medan Haramsøy har bomma med nær ein karakter. Det må vi lære av. Kva gjer dei skulane som får det til – og korleis kan vi løfte alle opp til same nivå?
Vi må handle – ikkje berre registrere
Vi i Venstre meiner tilstandsrapporten ikkje berre skal lesast som eit dokument, men som eit varsku – og som eit handlingsgrunnlag. Vi har dyktige folk i skulen, men dei har ikkje fått verktøya dei treng.
Med Venstres forslag om meir lærarkapasitet, betre arbeidsmiljø, styrka språkopplæring, tidleg innsats og investering i skulebygg, kan vi snu utviklinga.
Vi treng ikkje fleire rapportar om utfordringane – vi treng politisk vilje til å gjere noko med dei.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre