Privatskulane kostar Haram kommune 20 millionar kroner – nær dobbelt så mykje per elev som til offentlege skular

Foto: Ben Mullins/Unsplash

Kommunedirektøren har lagt fram tal som viser at privatskular kostar Haram kommune rundt 20 millionar kroner i 2025. Dette kjem av at kommunen både må betale for individuell tilrettelegging (ITO), personleg assistanse (PA) og skuleskyss for elevar som går i private skular, i tillegg til at staten trekkjer kommunen i rammetilskotet.

Ifølgje tala frå administrasjonen blir Haram kommune trekt 13,976 millionar kroner frå statleg rammetilskot fordi 105 elevar frå Haram går i private grunnskular. I tillegg kjem kommunens eigne utgifter til ITO, PA og skyss på om lag 6,25 millionar kroner. Totalt gir dette ein kostnad på rundt 20,2 millionar kroner.

Dette utgjer i underkant av 200.000 kroner per elev som går i privatskule – noko som er nær det dobbelte av det enkelte offentlege skular i Haram får per elev til drift og undervisning.

Vi i Venstre er sjokkerte over kor mykje meir som går til elevar på privatskulane enn til den offentlege skulen. Dette er pengar som kunne vore brukt til å styrke den lokale skulen og læringsmiljøet for alle elevar i Haram.

Venstre i Haram meiner dette er eit alvorleg signal om at dagens finansieringssystem for privatskular ikkje er rettferdig for kommunar som har mange elevar i private tilbod.

Vi kjem til å ta opp saka med Venstre på Stortinget. Det må vere ein betre balanse mellom foreldra sitt val av skule og kommunens økonomiske bereevne. Slik det er no, blir kommunar som Haram sittande igjen med rekninga.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre