Dette er ikkje noko radikalt spørsmål. Det handlar berre om å bruke vett før ein brukar pengar. Likevel blir spørsmålet ofte møtt med ei påfallande stillheit – som om det å stille det, er litt upassande.
Men dei som spør, har all grunn til det. For historia om norske badeanlegg har etter kvart blitt ein lang katalog over feilslåtte prioriteringar og økonomisk overmot.
NRK-programmet Nytt på nytt gjorde nyleg narr av fenomenet – og når til og med dei tek det opp, då bør ein vakne. Dei drog fram nokre oppsiktsvekkjande døme:
-
I Sortland har dei ikkje råd til å halde på varmen.
-
I Tromsø har prislappen dobla seg – frå 500 millionar til 1 milliard – og no har ikkje familiane råd til å bruke anlegget.
-
I Bodø, ein by med 53.000 innbyggjarar, drøymde dei om 70.000 besøkande i året. Så langt i år har under 6000 vore innom – til ein kostnad på nesten ein halv milliard.
-
I Tysnes har badeanlegget blitt så dyrt at kommunen må leggje ned skulen der anlegget skulle liggje.
Dette er ikkje satire – det er verkelege hendingar.
Når Nytt på nytt ler av kommunar som byggjer badeanlegg dei ikkje har bruk for, burde vi kanskje stille oss sjølve eit enkelt spørsmål:
Er vi i ferd med å bli neste episode?
I staden for å springe inn i ei kostbar og usikker investering, burde vi vere modige nok til å opne for fleire alternativ. Kanskje finst det betre, billegare og meir berekraftige løysingar – om vi berre tør å leite.
Så igjen: Kva er de redde for?
Er det tal og fakta?
Er det openheit?
Eller er det rett og slett frykta for at folk skal få sjå at nede i Brattvåg sentrum ikkje alltid er svaret på alt?
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre