Når gamle rapportar blir politisk sovepute

Foto: Taiki Ishikawa/Unsplash

I over sju år har Asplan Viak-rapporten frå 2017 vore brukt som «fasit» i diskusjonen om badeanlegg i Brattvåg sentrum. Rapporten var på si tid eit greitt grunnlag for å vurdere behov og moglegheiter, men å bruke den som styringsdokument i 2025 er å late som om verda står stille.

Vi i Haram Venstre er glade i Brattvåg, men vi er ikkje glade i dårleg planlegging. Når kommunen skal investere i anlegg for fleire hundre millionar, må vi byggje på oppdatert kunnskap – ikkje på ei analyse frå tida før kommunereforma, pandemien, og dagens økonomiske realitetar.

Asplan Viak skreiv sjølv i forordet at rapporten berre var ei oppdatering av 2013-versjonen med «mindre endringar». Det meste av grunnlaget – både besøksanslag, folketal, reiselivsdata og driftsmodellar – er dermed over 12 år gammalt. Rapporten er også prega av ein optimisme som høyrer ei anna tid til: overdrivne forventningar til folkehelseeffektar, og samanlikningar med badeland i Sør-Noreg som har heilt andre forutsetningar enn Haram.

Likevel tviheld Høgres Bjørn Sandnes, Senterpartiets Harald Nordang og Krfs Randi W Frivold på at akkurat denne rapporten skal vere svaret på alt. Dei omtaler Asplan Viak-rapporten som nærast heilag, og avviser alle forsøk på å få ei ny og nøktern utgreiing. Det er som om dei meiner at det å stille spørsmål ved gamle tal er eit personleg angrep på planprosessen.

Men fakta er at mykje har endra seg:

  • Folketalet i regionen har utvikla seg annleis enn i berekningane frå 2017.

  • Reiselivet har fått ein heilt ny struktur etter pandemien – Asplan Viak sine prognosar for turisme er utdatert.

  • Strømprisar, byggekostnader og renteutgifter har skote i vêret.

  • Ny, sterk konkurranse frå Bybadet i Ålesund.

Når vi likevel ser at delar av kommunepolitikken framleis tek utgangspunkt i same rapport, utan nye tal eller realistiske oppdateringar, då er ikkje det ansvarleg politikk. Det er ønsketenking.

Haram Venstre meiner tida er overmoden for ei ny, uavhengig fagutgreiing – der vi får reelle alternativ, nøktern økonomi og oppdatert behovsanalyse. Vi må tørre å stille spørsmål som:

  • Kva for anlegg treng vi faktisk for å dekke skule og folkehelsebehov?

  • Kva er bærekraftig drift i dagens økonomiske situasjon?

  • Er sentrumslokaliseringa framleis den beste – eller berre den mest symbolske?

Sandnes, Nordang og Frisvoll kan gjerne halde på si forkjærleik til gamle rapportar. Men politikken vår må byggje på fakta, ikkje nostalgi.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre