Når skal vi ta kvinnehelse på alvor, Haram?

Foto: Amber Kipp/Unsplash

I august 2024 satte vi i Haram Venstre kvinnehelse – og særleg overgangsalderen – på dagsordenen. Vi sendte inn ei interpellasjon til ordføraren og spurde kva kommunen gjer for å ta vare på kvinnene i arbeidslivet, eit tema som altfor lenge har vore tabu. Svaret frå kommunedirektøren var høfleg, men tydeleg: «Dette skal handsamast i dei ordinære organa i kommunen.» Altså — ingen særskilde tiltak, berre at vi får håpe systemet tek seg av det.

No er det ikkje lenger akseptabelt å sitje stille.
Ei ny, stor dansk studie viser at plagene knytt til overgangsalder er vesentleg meir omfattande og tidlegare enn vi har trudd. Studien dekkar 153 800 kvinner i Danmark alders-45 til 59 år. Heile 97 % av desse rapporterer symptom på overgangsalderen, og 83 % av kvinnene har eit eller fleire symptom i moderat til alvorleg grad.
Endå meir: over kvar fjerde kvinne (28 %) oppgir at ho har seks eller fleire symptom – som søvnproblem, hetetokter, ledd- og muskelplager og sterk utmattelse.
Studien viser også at symptomene ofte startar tidleg – 41 % rapporterar at dei er i perimenopausen ved 45-årsalderen, langt før gjennomsnittleg siste menstruasjon (som ligg rundt 52 år).
Forskarane sjølve seier: «Det er ein vanvittig andel kvinner som er betydelig påverka av overgangsalderen – utan at vi har nok kunnskap til å hjelpe dei» (sitat forskar Maria Hybholt, Københavns Universitet).
Dette er tydelege signal som også må nå oss her i Haram kommune.
Haram kommune har 31.08.25 om lag 631 årsverk og 731 tilsette. Over 83 % av dei tilsette er kvinner. Fråværet ligg på mellom 10-12 %. Når så mange kvinner i arbeidslivet vårt står midt i ei livsfase der symptoma finst, og kommunen ikkje har lagt til rette for det, så handlar det ikkje kun om «kvinnetema» — det handlar om arbeidsmiljø, drift, kvalitet og rettferd.
I Haram Venstre har vi foreslått å setje av 1,5 millionar kroner til nærværstiltak, nettopp for å kunne møte utfordringar som desse. Men vi har blitt stemt ned. Samtidig held dei andre partia talar om «nærvær», «arbeidsglede» og «helsefremjing». Men når saka kjem til handling, er det få steg som blir tatt.
Det er på høg tid at vi lyttar. Denne studien må vere eit vekkerop – eit klarsignal om at overgangsalderen ikkje er noko som «går over» utan konsekvensar for den enkelte, for arbeidsplassen og for arbeidsmiljøet.
Kvinnehelse – og særleg denne fasen – må inn som eit konkret satsingsområde. Det handlar om å ta ansvar for dei tilsette våre, om å sikre at vi kan levere gode tenester og om å vise respekt for innsatsen som kvinnene i kommunen vår kvar dag yter.
Haram Venstre kjem til å halde fram med å løfte denne saka. Men no må dei andre partia vakne. Det er på høg tid at kvinnehelse vert tatt på alvor – også her i Haram kommune.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre