Idrettsrådet representerer breidda i idretten i kommunen, og når dei samrøystes ber kommunestyret satse på rehabilitering framfor nybygg, meiner vi det er klokt å lytte. I rådet sit representantar frå fleire Brattvåg-klubbar, inkludert symjeklubben, så dette handlar ikkje om bygdestrid – men om kva som faktisk tener idretten og kommunen best.
Ei oppgradert symjehall vil gje symjeklubben og skuleelevane trygge og gode treningsforhold i mange år framover, utan at kommunen bind seg til eit økonomisk tungt og risikabelt prosjekt. Vi i Venstre forventar at også dei andre partia tek Idrettsrådet si faglege vurdering på alvor, og følgjer tilrådinga slik at symjeklubben får levelege forhold så snart som mogleg.
Vår prioritering er enkel: funksjonelle anlegg, ansvarleg økonomi og gode tilbod for barn og unge – i heile kommunen.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre