Venstre: – Dette kunne vore unngått om fleirtalet hadde høyrt på oss i fjor

Ravn stadion., Haram Venstre

Kommunedirektøren rår no til å ikkje gi støtte til nytt kunstgras på Ravn stadion. Det er beklageleg for idrettslaget, for dei unge brukarane og for heile bygda. Men det er dessverre ikkje overraskande.

Då fleirtalet i kommunestyret i fjor valde å prioritere 15 millionar kroner til eit nytt klubbhus i Brattvåg, advarte Venstre tydeleg mot konsekvensane. Vi ba innstendig om at dei midlane kommunen faktisk hadde moglegheit til å avsjå, måtte gå til aktivitet – ikkje bygg.

Vi sa klart ifrå at det ville kome nye og heilt nødvendige søknader frå idretten om utstyr, dekke, baner og vedlikehald, og at ein då ville stå utan økonomisk handlingsrom.

No er vi nøyaktig der vi frykta at vi kom til å hamne.

Aktivitet først – bygg seinare

Venstre sin politikk er enkel:
Idretten treng baner å trene på, utstyr å bruke og anlegg som fungerer i kvardagen.
Klubbhus og bygg kan vere viktige, men må alltid kome etter at grunnleggjande aktivitetsfasilitetar er sikra.

Då fleirtalet i kommunestyret brukte 15 millionar kroner på eit klubbhus, på toppen av eksisterande avtalar, brukte dei opp eit økonomisk slingringsmonn som idretten no verkeleg hadde trengt. Resultatet er at kommunen i dag seier at ein i utgangspunktet er positiv, men at pengane ikkje finst.

Kommunedirektøren peikar dessutan på at fleire kunstgrasbaner i kommunen står for tur til å bli skifta. Altså visste vi at dette kom – og likevel valde fleirtalet å prioritere bygg framfor baner.

Vi må lære av dette

IL Ravn gjer ein imponerande innsats for barn og unge. At kommunen no ikkje klarer å bidra til eit heilt nødvendig nytt kunstgrasdekke, vil ramme eit stort og aktivt miljø – og det vil ramme dei yngste aller mest.

Dette kunne vore unngått. Dersom kommunestyret i fjor hadde lytta til Venstre, ville vi i dag hatt langt betre økonomiske føresetnader for å bidra til slike tiltak.

Kva må skje vidare?

Venstre meiner at:

  • kommunen må rydde opp i prioriteringane sine

  • framtidige investeringar i idretten må starte med aktivitetsflater og baner

  • kultur- og idrettsplanen må sikre at kommunen ikkje igjen bind opp midlar i bygg før ein har dekka dei grunnleggjande behova

Vi kjem også til å be kommunestyret om å setje utskifting av kunstgras inn i økonomiplanen umiddelbart.
For oss er dette kjerneinfrastruktur i lokalsamfunnet.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre