Venstre: Politikken blir billegare når møta blir lagt til kveldstid

Venstre vil ha dei politiske møtene på kveldstid for å spare pengar. Her Venstres Christian Holstad Lilleng sammen med Caroline Kjerstad Grønli (Frp) og Kathrine Pernille Beite (Høgre)., Foto: Haram Venstre

Venstre vil flytte dei politiske møta i Haram frå dagtid til kveldstid. Det handlar ikkje berre om demokrati og deltaking – det handlar også om økonomi og ansvarleg bruk av skattepengar.

Når møta blir haldne på dagtid, må kommunen betale frikjøp og møtegodtgjersle til dei som må ta fri frå jobb for å møte. For kvar møte blir dette unødvendig kostbart. Kveldstid gjer tvert imot at dei fleste folkevalde kan delta utan å belaste kommunen økonomisk med meir enn møtegodtgjersle. Det betyr lågare kostnader per møte – og meir ansvarleg drift.

Samtidig må vi peike på at posisjonen allereie har påført kommunen ein ekstrarekning på rundt 400 000 kroner, etter at dei valde å utvide både formannskapet og planutvalet med to ekstra representantar. Dette vart gjort for å oppfylle interne lovnader om plassane i utvala, ikkje fordi kommunen treng fleire politikarar. Resultatet er høgare faste kostnader – heilt unødvendig.

I ei tid der vi må prioritere knallhardt, er det ikkje ansvarleg å bruke pengar på unødvendige frikjøp og ekstra verv. Venstre vil at kommunen skal bruke pengane på innbyggjarane, ikkje på meir politikarbyråkrati.

Kveldstid er derfor både meir demokratisk og meir økonomisk forsvarleg. Det er rett og slett sunn fornuft. Venstre håper eit fleirtal i kommunestyret ser det same.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre