Det var ikkje berre store ord – dei var konkrete òg:
Dei lovde lågare avgifter for vanlege folk. Men for min eigen del – og for svært mange andre – har resultatet vore det motsette: over 4000 kroner meir i avgifter. Det er lite som tyder på at avgiftsnivået har gått ned, slik vi blei forespegla.
Dei lovde også ei satsing på tolærarsystemet og sterkare skule, men realiteten er at ressursane til skulen blir kutta med rundt 4 prosent kvart år. Ein kan ikkje rope høgt om kvalitet og så fjerne grunnlaget for ho.
Og i valkampen fekk vi høyre at om vi valde å stå i Ålesund, ville storkommunen hamne på ROBEK. No er det økonomisjefen i Haram som åtvarar om at det er Haram som kan bli ståande i den same fella. Skremslane peikte i heilt feil retning.
Det same ser vi i frivilligheita: I mange år hadde vi ei tredelingsmodell der kommunen tok ein tredel av kostnadene når lag og foreiningar bygde nye kultur- og idrettsanlegg. Det var ein modell som fungerte. Posisjonen sette ein stoppar for det då dei nekta Ravn støtte til klubbhus og kunstgras. Med eitt vedtak vart eit heilt system for fellesskapsbygging rive bort.
No, berre to år etterpå, står vi att med noko heilt anna enn mjølk og honning. Kommunedirektør Anders Hammer skriv det svart på kvitt i sitt framlegg til handlings- og økonomiplan 2026–2029: «Haram kommune klarer i sum ikkje å ivareta ei forsvarleg økonomisk drift.» Vi brukar meir pengar enn vi har i inntekter. Vi står i fare for å gå med negativt driftsresultat – igjen. Det er ikkje lenger snakk om festtalar, men om harde realitetar.
Samtidig ser vi forslag om kutt og strukturendringar i barnehagar og bibliotek på Nordøyane, og eigedomsskatten som må opp 66 %. Kommunen har knapt råd til å halde oppe dei grunnleggjande tenestene sine. Dette er ikkje den kommunen folk fekk inntrykk av at SP, INP og AP skulle bygge.
Og midt i dette økonomiske alvoret, står dei framleis og tvihaldar på luftslott som Badeland i Brattvåg sentrum – eit prosjekt utan rot i realitetane. Venstre meiner det er på tide å legge bort slike symbolprosjekt og i staden ta ansvar for det som faktisk betyr noko: gode skular, trygge barnehagar, forsvarleg eldreomsorg, ei sunn kommuneøkonomi og tenester til folk.
Så ja, spørsmålet står seg godt:
Kvar blei det av mjølka og honningen, Krogsæter, Ulla og Aarsund?
Haram treng ikkje fleire lovnader. Vi treng realisme, ansvar og ei retning som held – også etter valdagen.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre