Høgre og Venstre vil gi dei eldre digital tryggleik – set av 250 000 kroner årleg til opplæring

Foto: Andre Ouellett/Unsplash

Den digitale utviklinga går i eit tempo som gjer kvardagen enklare for mange – men ikkje for alle. For mange eldre i Haram opplevast det som om verda flyg litt frå dei. Tenester som før var enkle og analoge, er no digitale, krev pålogging, appar og smarttelefonar.

Der dei før kunne kjøpe ei bussbillett kontant, må dei i dag inn i ein app. Der dei før kunne sjå rutetider på ei tavle, må dei no gå inn på ei nettside. Banktenester, offentlege skjema, legetimar, matbestilling og kvardagskommunikasjon skjer på skjerm. For dei som ikkje har fått opplæring, eller aldri har brukt slike løysingar før, kan dette skape både uro, avmakt og isolasjon.

Dette vil Høgre og Venstre gjere noko med.

I vårt alternative samarbeidsbudsjett set vi av 250 000 kroner kvart år i økonomiplanperioden til ei satsing som skal gi eldre i Haram betre digitale ferdigheiter – og større tryggleik i ein stadig meir digital kvardag.

Pengane skal brukast til strukturerte kurs, praktiske opplæringsøkter og gjerne i samarbeid med pensjonistforeiningane, frivilligsentralen og andre som kjenner målgruppa godt.

Dette kan omfatte:

  • korleis bruke mobilbank og BankID
  • korleis kjøpe bussbillettar og finne rutetider
  • korleis bruke helsetenestene digitalt
  • korleis unngå svindelforsøk
  • korleis bruke nettbrett og smarttelefon på ein trygg måte
  • korleis halde kontakt med familie og venner digitalt

Vi nektar å la digitalisering skape utanfor­skap
Å gi eldre digital kompetanse handlar om meir enn teknologi. Det handlar om deltaking, meistring og sjølvstende. I verste fall kan manglande digital kompetanse føre til at eldre fell utanfor, eller blir avhengige av hjelp til heilt enkle gjeremål.

Vi vil ikkje ha eit samfunn der den som ikkje har ein smarttelefon, mister tilgangen til tenester. Vi vil ha eit samfunn der alle kjenner seg trygge – også i møte med nye digitale krav.

Eit inkluderande, moderne og varmt lokalsamfunn
Denne satsinga er eit uttrykk for kva Høgre og Venstre vil: å byggje eit lokalsamfunn som er moderne, men samtidig inkluderande. Der utviklinga skjer med folk – ikkje frå folk.

Og vi veit at vi ikkje gjer dette aleine. Pensjonistforeiningane, frivillige og eldsjeler sit på verdifull kompetanse og erfaring. I lag skal vi sørgje for at ingen eldre i Haram blir ståande utanfor den digitale døra.