No viser det seg – svart på kvitt – at Venstre hadde rett. Utrederane stadfestar at Badeland ikkje kjem til å koste under 300 millionar kroner, sjølv om Badeland-fantastane hardnakka hevda at totalsummen skulle bli under 180 millionar. Dette er eit gap så stort at det ville ha bunde kommunen til ei langsiktig og svært tung gjeldsbyrde.
Høgre og Venstre legg Badeland dødt – og vel eit ansvarleg alternativ
I vårt alternative samarbeidsbudsjett tek Høgre og Venstre ut Badeland-prosjektet i sin heilskap. I staden foreslår vi noko Haram faktisk treng og har råd til: eit vanleg 25-meters basseng med heve-/senkebunn, tilsvarande anlegget Øksnes kommune bygde i 2024 til ein pris på 137,5 millionar kroner.
Dette gir god svømmeopplæring, gode treningsforhold for idretten og eit funksjonelt anlegg for heile lokalsamfunnet. Utan unødvendige luksusdelar, utan økonomisk risiko – men med kvalitet, tryggleik og reell nytte.
10 millionar spart – kvart einaste år
Ved å velje ei nøktern, realistisk og framtidsretta løysing, sparer Haram over 10 millionar kroner per år berre i renter og avdrag samanlikna med Badeland-alternativet.
Det er enorme pengar i ein kommuneøkonomisk samanheng – pengar som heller kan gå til:
- betre skular og barnehagar
- sterkare helsetenester
- fleire varme hender i eldreomsorga
- betre førebygging og psykisk helse
- ein sunn, berekraftig kommuneøkonomi inn i 2030-åra
Utan Badeland – inga eigedomsskatt
Den store økonomiske effekten av Høgre og Venstre sitt val er likevel denne:
Utan Badeland kan eigedomsskatten fjernast heilt frå 2029.
I budsjettforslaget vårt blir eigedomsskatten sett ned til 1 promille i 2028, før han forsvinn fullstendig året etter. Dette hadde vore umogleg dersom kommunen kasta seg ut i eit Badeland-eventyr til over 300 millionar kroner.
Dette viser kor konkret valet er: anten byggjer ein prestisjeprosjekt ingen har råd til – eller så byggjer ein framtid.
Vi set dei viktigaste først – dei yngste og dei eldste
Høgre og Venstre prioriterer det som faktisk er viktig i ein kommune:
- dei yngste, som treng god svømmeopplæring og eit anlegg som sikrar tryggleik i vatn
- idretten, som treng funksjonelle fasilitetar
- dei eldste, som treng tryggleik og verdige tenester
- ei kommuneøkonomi som gir handlingsrom i 2030-åra – ikkje gjeldskrise
Vi vel gode løysingar framfor dyre fantasiar. Vi vel ansvar framfor vanvittige låneopptak. Vi vel framtida framfor symbolpolitikk.