Haram er ein sentral maritim kommune – men gjestearbeidarane som held hjula i gang gir ingen skatteinntekter til kommunen

Venstre med eige verbalforslag om gjestearbeidarar og kommunal skatt., Foto: Max Larochelle/Unsplash

Haram er ein av dei viktigaste maritime kommunane i landet. Vi har sterke industrimiljø, internasjonale leverandørkjeder og store prosjekt som krev høg kompetanse. Dette trekkjer til seg eit stort tal gjestearbeidarar frå heile verda – folk som bur, jobbar og lever store delar av året her hos oss.

Dei bidreg med arbeidskrafta si, held tempoet oppe i verksemdene og er heilt nødvendige for at næringslivet vårt skal fungere. Men sjølv om dei oppheld seg i Haram, handlar i butikkane våre, køyrer på vegane våre og nyttar dei kommunale tenestene våre, får Haram kommune likevel ingen skatteinntekter frå dei.

Slik systemet er i dag, går skatten frå mange gjestearbeidarar direkte til staten. Kommunar som faktisk tek imot arbeidarane, står att utan kompensasjon. Dette er ei kjent utfordring i fleire industrikommunar, og vi står midt i problemstillinga.

Det er verken rettferdig eller økonomisk berekraftig.

Vi treng ei grundig utgreiing – no

For å sikre ein sunn økonomi, gode tenester og stabil drift i åra som kjem, må vi få ei oversikt over kva moglegheiter som faktisk finst for at gjestearbeidarane våre skal kunne betale kommuneskatt til Haram.

Venstre har i sitt alternative budsjett (saman med Høgre) eit verbalforslag om kva ei slik utgreiing bør kartleggje:

  • kva for juridiske og praktiske moglegheiter som finst for kommunal skattlegging av gjestearbeidarar med D-nummer eller tilsvarande

  • kor mange gjestearbeidarar som faktisk bur og jobbar i Haram gjennom året

  • kor store skatteinntekter dette potensielt kan gi kommunen

  • kva som må endrast administrativt, som registreringsrutinar og eventuell folkeregistrering

  • kva konsekvensar dette kan ha for tenester, integrering og lokalsamfunnet

Denne kunnskapen treng vi for å kunne påverke staten og sikre at kommunar som vår ikkje blir ståande att med rekninga for nasjonal verdiskaping.

Haram må krevje sin rettmessige del

Vi ber ikkje om meir skatt. Vi ber om at skatten frå arbeid som faktisk blir utført i Haram, også kjem Haram-samfunnet til gode. Gjestearbeidarane er ein viktig del av kvardagen og økonomien vår. Då må finansieringsmodellen spegle realitetane i kommunen.

Med ei gjennomarbeidd utgreiing får vi fakta på bordet – og eit betre grunnlag for å stille krav, både politisk og administrativt.

Haram står sterkt som maritim industrikommune. No må vi også sørgje for at økonomien vår gjer det.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre