Seljord Venstre vil at fleire skal slå seg til i Seljord. Derfor ynskjer vi:
- trygg og ansvarsfull økonomistyring i kommunen
- tilrettelegging for gründerar og nye bedriftar
- fleire høgkompetente arbeidsplassar
- bustadfelt der det er teke omsyn både til barn og gamle
- skule med høg lærarkompetanse på alle steg frå 1. til 10. klasse
- støtte krav om parallellklasser i samsvar med gjeldande mållov
- barnehage: betre tilpassa opphaldstid for borna etter foreldra sine ynske
- vidare utbygging av tenester for sjuke og gamle
- betre offentleg transport
Seljord som miljøfyrtårn
Klimaendringane og tap av biologisk mangfald blir synlegare for kvart år, dei uheldige verknadene med ureining av jord, luft, vatn og miljøet ikring oss, krev mottiltak:
- flaumsikring i små og store vatn og vassdrag
- rassikring langs utsette vegar og bustadområde
- vern av jord, opplæring og rådgiving i regenerativt jordbruk, kompostering o.l.
- arealregnskap for utbygging i kommunen
- klimanøytrale offentlege bygg
- rådgiving til firmaer og private som ynskjer å bygge klimanøytralt
- reduserte byggjesaksgebyr for passivhus og plusshus
Folkehelsearbeid
Folkehelse er eit overordna begrep, og tiltaka gjeld alt som kan fremje helse og førebygge sjukdom i samfunnet vårt, både fysisk og psykisk. Kommunen kan på ulikt vis styrke folkehelsa:
Fysisk aktivitet er viktig for alle, og kan drivast på alle nivå, i friluft eller innomhus, einskildvis og i grupper
-
- tilrettelagt for barnehage og skule, institusjonar og treningssenter
- organisert av friviljuge lag og organisasjonar
- samarbeid mellom kommune og lag om eit nett av stigar, turvegar, gang- og sykkelvegar
Psykisk helse blir best saman med andre, med felles opplevingar innafor kunst og kultur, arbeid og fest. Det er viktig at kommuen kan samarbeide med friviljuge lag og organisasjonar for å fremje fellesskap og integrering for alle som bur her. Det kommunale tilbodet innanfor psykisk helse må styrkast for alle aldersgrupper.
Sunt kosthald blir meir og meir viktig. Gode matvanar blir danna tidleg og er viktig for helsa. Derfor vil Seljord Venstre at både barnehagen og skulen skal ha eitt måltid dagleg der frukt og grønt inngår, gratis eller til sjølvkost. Eldreinstitusjonane må igjen få sitt eige kjøkken med sunn, velsmakande mat.
Høgaktuelle saker for Seljord Venstre
Seljord kommune slit med økonomien, og nedgang i folketalet, som dessutan får ei stadig verre fordeling mellom gruppene barn-ung-vaksen-gammal. Seljord Venstre vil motvirke dette ved:
- å få fleire i arbeid, vekk frå isolasjon og utanforskap
- auke målretta arbeid for å få flyktningar i jobb
- å stimulere næringsverksemder til å ta imot lærlingar
- medverke til å etablere ungdomsverksemder
- ufaglærde kan under fagleg leiing gjere nødvendig vedlikehald av bygg og anlegg
- det trengst eit større utval av tomter
- kommunen må leggje til rette for/bistå grunneigarar slik at det blir lettare å selje tomter
- leggje betre til rette for sal av småbruk
- støtte spesielle føretak som inspirerer og set farge på bygda innanfor ulike område
- gjere Seljord kommune fri for eingongsplast
- – obligatorisk innlevering/innsamling av jordbruksplast
«Saman er ein mindre aleine» – og saman kan vi gjere kvarandre gode
Seljord Venstre ynskjer tettare samarbeid og gjerne samanslåing med nabokommunar. I større grad enn før er Seljord kommune knytt til Midt-Telemark, om ein likar det eller ikkje. Seljord Venstre er ikkje redd for vidare samarbeid mot Bø og Midt-Telemark, fordi det gir :
- større felles arbeidsmarknad
- deltaking i ny vekst og utvikling
- breiare kultur og fritidstilbod
- betre tilgang til kompetanse og nødvendige tenester
- betre tilgang til sjukeheimsplassar
- god kommunikasjon med bil og buss
- næring og aktivitet rundt Seljordsvatnet er samlande faktor
- Seljord har mykje å bidra med som kan skape gjensidige fordelar og auka attraktivitet i Midt-Telemark-regionen
- Seljord er ein ynskt samarbeidspartnar
VALET ER DITT!