Då kom ein langt i planlegginga, og fleire faglege vurderingar peikte nettopp på Eidet som den beste og mest framtidsretta plasseringa.
I dag er fastlegekontora spreidde rundt i kommunen, noko som både gir høgare driftskostnader og dårlegare samhandling mellom faggruppene. Venstre meiner at ei samling av tenestene vil gi eit meir effektivt, moderne og samordna helsevesen. Når legar, helsesjukepleiarar, fysioterapeutar og administrasjon jobbar på same stad, kan kommunen utnytte ressursane betre, dele tekniske løysingar og gi pasientane ein meir heilskapleg oppfølging. Dette er i tråd med erfaringane frå andre kommunar som har valt same modell.
Eidet er dessutan lett tilgjengeleg, med gode parkeringsmoglegheiter og ein sentral plassering som gjer det enkelt for innbyggarar frå heile kommunen å kome til. Området er allereie eit servicepunkt, og ei samlokalisering av helsetenestene vil styrke både Eidet og kommunen som heilskap.
Samtidig understrekar Venstre at utgreiinga også bør sjå på alternative plasseringar, slik at kommunestyret får eit breitt og fagleg godt beslutningsgrunnlag. Målet er ikkje å låse seg til eitt alternativ, men å sikre den best moglege helseløysinga for framtida.
Vi veit at grunnlaget allereie ligg der. No handlar det om å løfte dette fram igjen, få ei oppdatert utgreiing og sikre ei robust og moderne fastlegeteneste for heile Haram.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre