Partiet peikar på to hovudalternativ som bør vurderast:
Det første alternativet er å utvide Søvik skule til ein samla 1–10-skule.
Dette vil gi kontinuitet for elevane, med færre overgangar, kjente miljø og større tryggleik gjennom heile barne- og ungdomsskulen. Ei samla skule i Søvik styrker lokalmiljøet og skaper ein samlingsplass for bygda, samtidig som ein kan utnytte bygningsmasse og ressursar betre i eit område med endringar og usikre elevtal.
Det andre alternativet er at ungdomstrinnselevane i Søvik flyttast til Eidet, og at Brattvåg barneskule og ungdomsskule samanslåast.
Dette opnar for ei heilskapleg vurdering av bygg og pedagogiske løysingar, med moglegheit for ny eller oppgradert skule, moderne undervisningsrom, grupperom og fleksible undervisningsløp som møter framtidas behov.
Venstre understrekar at utgreiinga også må sjå på viktige fellesmoment for begge alternativ: elevtal og framskriving av utvikling, bygningsstandard, læringsmiljø, tryggleik, transport og tilkomst.
Elevane og føresette sitt perspektiv skal vere med, med fokus på tryggheit, overgangar mellom trinn og nærleik til heim og fritidsaktivitetar.
Pedagogiske føresetnader som digitale løysingar, grupperom og fleksibilitet skal vurderast, saman med økonomiske og driftsmessige perspektiv, som utnytting av bygningsmasse, vedlikehald, lærarressursar og fagmiljø.
Lokalmiljøet må også bli involvert, sidan endringar i skulestrukturen får konsekvensar for identitet, trafikk og nærmiljø.
No er tida inne for å ta ei heilskapleg vurdering av skulestrukturen i Haram. Ei grundig utgreiing vil gi oss faglege og økonomiske grunnlag for å ta gode beslutningar om framtidas opplæringstilbod.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre