I dag eig og driv kommunen huset med både kino og ulike kulturaktivitetar. Venstre peikar på fleire fordelar ved ei privatisering: Fleksibilitet og kommersielt driv kan gje betre inntekter og større aktivitet, samtidig som ein lokal aktør kan utvikle eit meir marknads- og brukarsentrert profil. Frigjering av kommunale ressursar vil også kunne prioritere kjerneoppgåver innan skule, helse og omsorg.
Samtidig understrekar Venstre at ei grundig utgreiing må ta omsyn til fleire viktige spørsmål: Korleis kan kulturtjenesta framleis tilby eit godt lokalt tilbod og sikre demokratisk styring? Vil privatisering auke brukarkostnadane, og kva konsekvensar får det for tilgjenge, frivillige og kulturfellesskapet? Er det rasjonelt at kommunen driv kinoen direkte, eller høver det betre for ein privat eller ideell aktør å overta, medan kommunen set rammevilkår og følgjer opp overordna mål?
Dette handlar ikkje om å fjerne kulturen, men om å sikre at den drivast på ein mest mogleg effektiv, fleksibel og framtidsretta måte. Ei utgreiing vil gi eit fagleg og politisk grunnlag for å ta gode beslutningar om framtida til Ingebrigt Daavik-huset og kulturen i kommunen.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre