Fleirtalet ofrar omsorg og skule for å finansiere Badelandet

Foto: Danie Franco/Unsplash

I torsdagens kommunestyremøte fekk vi eit brutalt svar på korleis posisjonen i Haram – SP, AP, INP, SV og KrF – planlegg å finansiere det nye Badelandet midt i Brattvåg sentrum: gjennom dei største kutta i velferdstenestene på mange år.

For å få råd til å reise eit gigantbygg på ei av dei mest upraktiske og brattaste tomtene i sentrum, vedtok flertalet å kutte 10,7 millionar kroner i sektoren Helse, omsorg og livsløp i 2029. Det betyr færre sjukeheimsplassar, redusert heimehjelp og eit svekka tilbod til dei som slit psykisk.

Samtidig vedtok dei å ta 2 millionar kroner frå skulane – ikkje for å gi betre undervisning, men for å dekke renter og avdrag på Badelandet.

Dette er kommunal prioritering på sitt mest kyniske.

Vi åtvara – og vi hadde eit betre alternativ
Opposisjonen, og særleg Høgre og Venstre, har i lang tid åtvara mot dette prosjektet. Vi har peika på at økonomien ikkje heng saman og at konsekvensane for drifta ville bli dramatiske.

Difor foreslo vi eit meir nøkternt, meir praktisk og langt meir berekraftig anlegg – eit bade- og idrettsanlegg som ville koste om lag 10 millionar kroner mindre i året enn monstervarianten fleirtalet tvihaldt på.

Altså omtrent det same beløpet som SP/AP/INP/SV/KrF no har kutta frå Helse, omsorg og livsløp.

Men fleirtalet høyrde ikkje.

Det har vore fleire versjoner av Folkebadet.

Rekninga kjem – lenge før eit einaste basseng er fylt
Berre renter og avdrag på Badelandet vil koste kommunen nær 14 millionar kroner i året. Dette er før bygget er ferdig, før vatn er tappa i bassenga, og før kommunen har tilsett éin einaste person til å drive det.

Og når drifta startar?
Då aukar rekninga ytterlegare. Erfaringane frå liknande prosjekt er tydelege: Badelandet vil trenge 15–20 millionar kroner i årlege driftstilskot.

Det betyr at fleirtalet no har binda opp pengar vi skulle brukt på barnehagar, skular, heimebaserte tenester, førebyggjande arbeid og omsorg for dei eldste.

Kven betaler for prestisjeprosjektet?
Kommunen har ikkje meir pengar. Det dei fem partia vedtok torsdag, betyr at det er dei yngste og dei eldste, dei med størst behov og minst stemme, som no skal finansiere prestisjeprosjektet i Brattvåg sentrum.

Dette er ikkje vanlege effektiviseringar. Dette er reine kutt i grunnleggjande velferd:

  • sjukeheimsplassar
  • heimebaserte tenester
  • psykisk helse
  • skuledrift

Alt dette blir ofra – for å finansiere eit badebygg ingen har vist at kan drivast økonomisk forsvarleg.

 

Haram treng ansvar – ikkje dyr symbolpolitikk
Vi står overfor eit val:
Skal kommunen bruke titals millionar kroner årleg på eit Badeland vi ikkje har råd til, eller skal vi prioritere tenestene barna og dei eldste er avhengige av?

Fleirtalet har alt svart: dei ofrar velferda for eit bygg som bind opp økonomien i fleire tiår.

Høgre og Venstre kjem til å halde fram med å kjempe for ei rimelegare bassengløysing som både gjer Brattvåg betre – og som kommunen faktisk har råd til utan å svekkje omsorg, skule og livskvalitet for innbyggjarane våre.

Christian Holstad Lilleng (Venstre) og Kathrine Pernille Beite (Høgre)